Ystekurs - inspirasjon til lokal foredling av mjølk på Eid 9. april

I samarbeid med Kompetansenavet, Sogn og Fjordane Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag arrangerar vi ystekurs 8.april i Førde og 9. april på Nordfjordeid.

Kursdagane er meint å gje inspirasjon og innsikt i kva det vil seie å foredle mjølk og kva som trengs til etablering av eige ysteri.

Verdsmeistaren, Jørn Hafslund frå Ostegården i Fana, kjem og inspirerar i lag med Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Lokalmat Vest.

Målgruppa er mjølkebønder med interesse for foredling eller
for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.

Har du dialog med ein eller fleire som kan ha interesse for tema, er det kjekt om du formidlar invitasjon og informasjon om kursa.

Det er same program begge kursdagane. Påmeldingsfrist er 1.april.

Kursa er lagt ut på www.landbrukskurs.no og du finn artikkel hjå Fylkesmannen i Vestland her.

Informasjon, bilder og påmelding

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 22.03.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Badestrand
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering