Vil du bli aktivitetsven i Hornindal?

Frivilligsentralen bilde.jpg - Klikk for stort bilete

Vi tilbyr no eit gratis og heilt uforpliktande kurs for deg som er interessert i å høyre meir om konseptet aktivitetsven. Alle aktivitetsvener vil få oppfølging og rettleiing.

Kurset går over 2 kveldar: torsdag 8. februar og 15. februar

Kurset går over to kveldar:

Torsdag 8.februar kl. 18 - 21

Velkomen og presentasjon
Aktivitetsven og frivilligheit
Rolla som frivillig aktivitetsven

Torsdag 15. februar kl. 18 - 21

Demens
Kommunikasjon og samhandling
Kurset er lagt opp med filmar, foredrag, og å drøfte ulike problemstillinger.

Det vert enkel servering.

Påmelding innan 5. februar til:

frivilligsentralen@hornindal.kommune.no

Målet med aktivitetsven er å gje menneske med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Den frivillige aktivitetsvenen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, som å trene, gå tur, gå på teater eller på kino, fiske, måle, eller bare møtast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsven kan personar med demens få moglegheita til å fortsette sine vanlege aktivitetar. Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt. Sjølv for menneske der sjukdommen har kome så langt at opplevingar raskt vert gløymde, viser det seg at dei gode følelsane og stemninga varer. Det er mange som ynskjer å gjere ein frivillig innsats. Å vere aktivitetsven vil ivareta dette engasjementet på ein direkte og meiningsfull måte.

Med venleg helsing
Ola Bergset Ulvedal
Dagleg leiar

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Sist endra 12.01.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Anne Raftevold
På veg til Sætrehornet november 2009
Anne Raftevold
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering