Vi byggjer ny kommune og treng fleire dyktige medarbeidarar

HornindalogVolda.jpg - Klikk for stort bilete

To nye stillingar lysast ut i samband med samanslåinga av Hornindal og Volda kommunar. 

Hornindal og Volda skal slå seg saman, og den nye organisasjonen skal vere på plass innan 01.01.2020.

Satsingsområda for Nye Volda kommune er sysselsetting, digitalisering og kompetanseutvikling. No skal vi styrke prosjektorganisasjonen med to nye faste stillingar i 100%.

Begge stillingane er plasserte ved rådhuset i Volda, men noko reiseverksemd i Hornindal og Volda må påreknast.
 
Konsulent (arkiv)
Vi søkjer etter nokon som har god arkivfagleg forståing, god IKT-kompetanse og interesse for utviklingsarbeid. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å bidra til digitalisering av arkivfaglege arbeidsoppgåver, delta i utviklingsarbeid og daglege driftsoppgåver. 30 % av stillinga er sett av til å vere personvernombod.
 
For nærare opplysningar, kontakt sektorsjef for kultur og service i Volda kommune Inger-Johanne Johnsen tlf 959 01 061.
 
Prosessleiar digitalisering
Vi søkjer deg som har digital kompetanse og god forståing av digitalisering som verkty for tenesteutvikling. Du har erfaring frå prosjektarbeid og gjerne som prosjektleiar. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å kartlegge og analysere behov, gi strategisk rådgjeving, samt koordinere prosessar knytt til planlegging og gjennomføring av digitalisering.
 
For nærare opplysningar, kontakt rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland tlf 976 87 525.
 
Søknadsfrist begge stillingar: 27. oktober 2017
 
Sist endra 11.10.2017
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Setervegen
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering