Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
Velkomst fotograf Trond Mehlum, Hornindal kommune
Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
Kronprinsparet_bålplassen fotograf Trond Mehlum, Hornindal kommune
Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
Kronprinsparet_kveding fotograf Trond Mehlum, Hornindal kommune
Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
Kronprinsparet_gjestar fotograf Trond Mehlum, Hornindal kommune
Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
Kronprinsparet_tilskodarar fotograf Trond Mehlum, Hornindal kommune

Vellukka besøk av kronprinsparet

Med godt ver og mange frammøtte vart besøket ei god og unik oppleving. Eit variert program med barnehagebesøk og lokal kultur passa godt i møtet med eit interessert og folkeleg kronprinspar.

Kronprinsparet ankom presis til Hornindal barnehage der dei vart mottekne av ordførar Bjørn Lødemel, Ingeborg Svor og Mathias Grodås. Mange forventningsfulle barn flagga og sang medan paret gjekk opp mot hovedbygningen.
Barnehage-styrar Ann-Iren Ulvedal tok kronprinsparet med inn i barnehagen sitt atelier der lokale kunstnarar jobba saman med borna. Etterpå var det samling rundt bålet i skogen ovanfor med servering av neslesuppe og bjørkelauvsaft.

Med glimt av sol utover dagen vart det fest i parken ned mot Hornindalsvatnet med eit variert kulturprogram. I området ved inngangen til parken fekk ein oppleve både korpsmusikk og moderne dans ved skuleelevar.
Ordføraren ønskte velkomen og overrekte gåve til kronprinsessa.
Kronprinsparet og dei mange frammøtte såg ut til å trives med framføringar av tradisjonsmusikk, ein lokal essay og meir moderne tonar.
Til avslutning av programmet helsa D.H.K. Kronprins Haakon til dei frammøtte og dei som hadde delteke i programmet.

Langs strandpromenaden opplevde ein blokkfløytemusikk ved 8.klassingar før følget gjekk inn i kommunehuset.
I kommunehuset Smia fekk kronprinsparet korte presentasjonar av Anders Svor museum, Ekornes Grodås, og Hornindal kommune si satsing på IKT.
Kommunehuset var også laga til for servering av lunsj til dei 32 gjestane.

Besøket vart avslutta ved D.H.K. Kronprins Haakon og D.H.K. Kronprinsesse Mette-Marit si avreise kl.13.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Sist endra 01.11.2012
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering