Tildeling av tomter i Løvland bustadfelt

Løvland bustadfelt - Klikk for stort bilete Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ved brev av 14.03.2018 avvist klaga frå hytteeigar på Løvland, og stadfest Hornindal kommunestyre sitt vedtak av 07.09.2017, sak 054/17 - om eigengodkjenning av reguleringsplan for Løvland bustadfelt. Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast. Det betyr at kommunen kan detaljplanleggje kommunal infrastruktur i feltet med grunnlag i vedteken plan, innhente anbod, og starte opparbeidinga så snart dette er praktisk mogeleg.  

 

Det er ikkje teke stilling til om heile feltet skal opparbeidast under eitt, eller om det skal skje etappevis. Interessa for feltet kan difor bli avgjerande for omfanget av opparbeidinga, og kommunen inviterer med dette aktuelle tomtekjøparar til å teikne seg på lista for tildeling av tomter i Løvland bustadfelt. Bruk vedlagt skjema, og returner dette i utfylt stand til kommunen - innan fastsett tidsfrist. (Tomt BKS1 og BAA1 er i privat eige, og er ikkjke gjenstand for kommunal tildeling)

Reglement for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt er nedfelt i K-sak 011/91, og desse reglane vil bli lagt til grunn for tildelinga. For tildelt tomt gjeld følgjande:

  • Innløysing og byggjefrist for tomta er eitt år etter at tomtekjøpar har fått skriftleg melding om tomtetildeling av byggjeklar tomt.
  • Tomta må utnyttast i samsvar med reguleringsplanen
  • Ubebygd tomt kan ikkje vidareseljast. Tomta skal i slike tilfelle tilbakeførast til kommunen utan kostnader for kommunen.

På noverande tidspunkt har vi ikkje oversikt over tomtekostnadene, men prinsippa i plan- og bygningslova kap. 18 om refusjon av utgifter med opparbeiding av veg, vatn og avløp m.v. vil bli lagt til grunn for fastsetjing av tomteprisen. 

Søknadsfrist: 31.05.2018.

Søknaden skal sendast til: Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller e-post: post@hornindal.kommune.no

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 04.04.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Vintermorgon utover vatnet
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering