Personleg assistanse - Praktisk bistand,opplæring og støttekontakt / Heimehjelp

Om tenesta:

 

Praktisk bistand og opplæring er ei teneste til personar som har behov for hjelp og støtte i dagleglivet sine gjeremål. Dette blir normalt omtala som heimehjelp. Tenesta er tidsavgrensa og behovet blir fortløpande vurdert.

Målsetting:

 

Praktisk bistand/ opplæring skal bidra til at den som tek i mot tenesta skal verte mest mogleg sjølvhjelpt  i dagleglivet og /eller få hjelp til daglege gjeremål for å kunne bu i eigen bustad så lenge som mogleg. Opplæring skal bidra til at brukar vert i betre stand til å ivareta oppgåvene sjølv og føre til auka livsmeistring.

Lovheimel:

 

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6 b.

Innhald i tenesta:

Nødvendig reinhald

  • Vanleg reinhald av rom som er i dagleg bruk, støvtørk, golvvask, støvsuging og vask av bad/wc.
  • Innvendig reinhald av kjøleskap og microbølgeovn ved behov.
  • Skifte sengeklede.
  • Vinduspussing (inntil 2 gonger pr. år) på vindu ein når utan trapp/stige.
  • Oppvask av kjøkenutstyr.
  • Bistand til vask av klede i vaskemaskin.
  • Bære ut søppel.

For reinhald, klesvask og sengeskift er minimum tildeling 1,5 timar annakvar veke. I særskilde tilfelle kan dette avvikast, dette skal da grunngjevast fagleg.

Ernæring

  • Tilrettelegging av måltid for å sikre god ernæring: smørje brødskiver, varme opp ferdiglaga middag.
  • Nødvendige ærend
  • Tenesteytar kan gjere nødvendige innkjøp av daglegvarer. Brukar må opprette konto i
  • butikk.
  • Bere inn ved og hente posten til brukar der det er lett tilgjengeleg.

Personleg stell

  • Personleg stell i samarbeid med heimetenesta.

Oppgåver som ikkje inngår i tenesta:

  • Hagearbeid.
  • Husvask/storreingjering.
  • Reinhald av rom som ikkje er i dagleg bruk, til dømes gjesterom
  • Huslege oppgåver i forbindelse med gjester og vaksne heimebuande, til dømes skift på seng.
  • Hjelp til flytting.
  • Førebuing av høgtider.
  • Baking.
  • Hjelp til stell av kjæledyr.
  • Følgje til lege, banken m.v.
  • Tenesteytar har ikkje tilgang til å nytte brukaren sitt bankkort i bank eller til bruk ved innkjøp, heller ikkje handtering av kontantar.
  • Frakting av søppelsekk.
  • Snømåking.
  • Stryking av kle.
  • Rydding og vasking etter friske pårørande eller andre besøkande.

Det vil bli gjort ei individuell vurdering og enkelte oppgåver på lista kan i visse tilfelle bli innvilga. Til dømes der brukar bur åleine og ikkje har pårørande i nærleiken

Kva kan brukar forvente av tenesteytar:

At brukar får beskjed seinast dagen før om det vert endring i avtale om tidspunkt. Unntaksvis om det skuldast sjukdom,då kan brukar få melding same dag.

Tenesteytar vil vurdere tenestebehovet fortløpande og endre vedtak i takt med dette.

Våre forventningar til brukar:

Det vert alltid vurdert slik at det brukaren sjølv kan gjere skal brukaren sjølv utføre. Dvs at dersom brukaren sjølv kan tørke støv med evnt tilrettelegging,vert det ikkje innvilga hjelp til støvtørking.

  • At brukar av tenesta har det utstyret som det er forventa at ein har i norske heimar.(minimum vaskemaskin,støvsugar,mopp/langkost,klutar,bøtter og vaskemiddel).
  • At brukar bidreg så langt det er fagleg forsvarleg.
  • At brukar melder frå om det oppstår akuttsituasjonar som gjer at han ikkje kan ta i mot hjelpa.
  • At brukar samarbeidar ved tilrettelegging av hjelpemiddel i heimen for å ivareta god helsehjelp og for å ivareta arbeidsmiljøet til tenesteytar. Reinhald vert normalt ikkje utført når det er besøkande tilstades.
  • Vi forventar at brukar ikkje røyker inne når tenestytar oppheld seg i heimen, og at det blir utlufta godt før tilsette kjem.
  • Brukar som har husdyr må syte for at dette ikkje er til sjenanse for tenesteytar.

Praktiske opplysningar:

Eigenbetaling i samsvar til «Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstjenester»,skjer med bakgrunn i inntektsberekning av den samla nettoinntekta til husstanden før særfrådrag. Satsar for egenbetaling vert vedtekne av kommunestyret årleg. 

 

 



Ønskjer du kontakt kan du vende avdelingsleiar.

Heimehjelp
NamnTelefonEpost
Laila Støve Otterdal5787 9866laila.otterdal@hornindal.kommune.no
Publisert av Ragnhild Aarflot Kalland. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 17.08.2016
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering