Helsetenester i heimen/Heimesjukepleie

Målsetting:

 

Dei tilsette i tenesta skal ved hjelp av sine tenester førebygge, behandle og legge til rette for eigenmeistring av sjukdom,skade ,liding og nedsett funksjonsevne.

At brukar vert buande heime med naudsynt helsehjelp og får dekka sine grunnleggande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.

Førebygge behov for heildøgnsbemanna butilbod ved å legge til rette for at dei som ønskjer det kan få bu heime så lenge dei sjølve ønskjer det og det er praktisk mogleg.

Lovheimel:

 

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6 a.

 

Vilkår for tildeling av tenesta:

  • Tildeling vert gjort med bakgrunn  i kartlegging av funksjonsnivå (IPLOS), helsetilstand og etter ei individuell/tverrfagleg vurdering
  • Tenesta vert tildelt dei som av fysiske eller psykiske årsaker ikkje klarer å ta vare på eige liv og helse på ein forsvarleg måte.
  • Det vert vurdert  om brukar  er avhengig av hjelp av medisinsk og helsemessig karakter til:
  • personleg stell og hygiene
  • rørsle og mobilitet
  • oppretthalde ernæring- og væskebalanse
  • eliminasjon av avfallsstoff
  • naudsynt aktivitet,søvn og kvile
  • respirasjon, sirkulasjon og varmeregulering

Innhald i tenesta:

  • Personleg stell og omsorg
  • Ernæring
  • Tilsyn
  • Rehabilitering
  • Administrering av medikament
  • Sårbehandling- dersom dette ikkje kan gjerast hjå fastlege
  • Prøvetaking,undersøkingar, injeksjonar
  • Omsorg ved livets slutt
  • Observasjonar

Tenestetilbodet til den enkelte brukar vert fortløpande evaluert og endra i samsvar med bistandsbehovet.

Kva kan brukar forvente av tenesteytar:

  • At tenesteytar melder frå så snart som råd dersom avtalar må endrast.
  • At tenesta vert utført i samsvar med vedtak.

Våre forventningar til brukar:

  • At brukar er heime til avtalt tid. Ein føreset at brukar melder frå om ein ikkje er heime.
  • Ein forventar at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteytar jf bestemmelsar i arbeidsmiljølova. Det kan m.a innebere at naudsynt tilrettelegging i bustaden vert aksteptert, t.d montering/ plassering av hjelpemiddel og ommøblering.
  • Det er brukar sitt ansvar at heimen er utstyrt med naudsynt og tilpassa utstyr som t.d neglesaks,toalettsaker og temperaturmålar.
  • Brukar må sørge for at vegen er framkomeleg uansett årstid,dette inneber at vegen er brøyta for snø.
  • God hygiene er viktig for både tenesteytar og brukar. Brukar skal difor sørge for at det er flytande såpe og tørkepapir tilgjengeleg.
  • Vi forventar at brukar ikkje røyker inne når tenestytar oppheld seg i heimen, og at det
  • blir utlufta godt før tilsette kjem.
  • Brukar som har husdyr må syte for at dette ikkje er til sjenanse for tenesteytar.

Praktiske opplysningar:

Det er ikkje eigenbetaling for helsetenester i heimen. Eldre, langtidssjuke og uføre som har hatt behov for helsestenester i heimen i meir enn tre månadar minimum, eit besøk pr. veke har rett til gratis,nødvendig tannbehandling i samsvar med lov om tannbehandling. Jf forskrift om vederlag for tannhelsetenesta i den offentlege tannhelsetenesta §2, 1. ledd.

 

 

Ønskjer du kontakt kan du vende deg til avdelingsleiar.

Heimesjukepleien
NamnTelefonEpost
Laila Støve Otterdal5787 9866laila.otterdal@hornindal.kommune.no
Publisert av Ragnhild Aarflot Kalland. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 17.08.2016
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering