Stortings- og sametingsvalet 2017 - utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Stortingsval 2017 - Klikk for stort bilete

For å kunne røyste ved Stortings- og sametingsvalet 2017 må du stå i manntalet.

Manntalet for Hornindal kommune blir lagt ut til offentleg ettersyn i servicekontoret på kommunehuset Smia frå 11. juli og fram til valdagen 11. september 2017.

Det er der du er folkeregistrert 30. juni i valåret du kan røyste på valdagen. Dersom du har flytta og meldinga om flytting ikkje er motteken av folkeregisteret innan 30. juni 2017, står du manntalsført i den kommunen du flyttar frå. Du kan då enten førehandsrøyste, eller du kan røyste på valdagen i den kommunen du flyttar frå.

Dersom du eller nokon annan feilaktig er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan ein krevje at feilen blir retta opp.

Krav om retting av feil skal vere skriftleg og begrunna, og sendast til: 

Hornindal Valstyre, Postboks 24, 6761 Hornindal

Leiar i valstyret
Stig Olav Lødemel

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 11.07.2017
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Postboks 24, 6761 Hornindal
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: 47484987 Ordførar Stig Olav Lødemel

Kontonr
: 3820.07.00144
Kommunenr
: 1444
Opningstid
: 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Isvegger i Storelva januar 2011
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering