Storrydding i Hornindal frå 1. april - 31. oktober 2018

"Hold Norge Rent" - Klikk for stort bilete Kystlotteriet - "strandrydding" gjeld frå 1. april tom 31. oktober 2018

"Hold Norge rent" kampanjen skriv på si heimeside m.a. :Vi oppfordrer alle til å bli med på Strandryddedagen 5. mai, men hvis denne datoen ikke passer, står man selvsagt fritt til å velge hvilken dag man vil rydde. Og rydd gjerne flere ganger i løpet av året Hver dag er en strandryddedag!

Servicekontoret på Smia deler ut sekkar til bruk i denne aksjonen, og kommunen håper at mange har høve til å vere med på å rydde langs Hornindalsvatnet og andre vassdrag.

I heile vår og sommar rydder vi i fjæra og langs strender og vassdrag. Alle som er med i denne aksjonen er  med i Kystlotteriet. Lodd vert utlevert saman med sekkane og diverse informasjon. Når ryddinga er utført skal avfallet leverast saman med loddet på gjenbruksstasjonen. Du vert då med i ei lokal og ei nasjonal trekning av premiar som: reiser, overnattingar, turar, konsertbillettar, kinobillettar, kurs og andre gode opplevingar. Den nasjonale trekninga vert gjennomført i november. Gevinstane vert sponsa av næringsliv, organisasjonar og støtteordningar. Vinnarane i lotteriet blir kontakta direkte på bakgrunn av kontaktinformasjonen dei fyller ut på lodda.

For aksjonen gjeld at alt avfall skal leverast som restavfall bortsett frå:

1. farleg avfall (batteri, sprayboksar, reingjeringsmiddel osv)
2. solide ting av metall
3. store/lange tau og fiskereiskap
Dette er også gratis å levere, men leverast utanom sekkane.

 

Kystlotteriet gjeld perioden 1.april – 31.oktober, og kvar tysdag i denne perioden kan avfall frå strandrydding leverast til gjenbruksstasjonen på Ytrehorn. (Ope tysdag 15 - 17, siste tysdag i månaden til kl. 18).

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 18.05.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
07.02.2007 | Fotograf: Joar Helgheim
Morgonstemning over Kyrkjhornsbakkane
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering