Stor skogbrannfare - totalforbod mot alle former for bålbrenning

Logo brannfare.jpg - Klikk for stort bilete Etter langvarig tørke er det no stor skogbrannfare i heile Hornindal kommune, og det vert frå dags dato innført totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Forbodet gjeld inntil brannvesenet opphevar det.

Det er generelt forbod mot bålbrenning o.a. bruk av åpen eld i skog og mark i tidsrommet 15. april til 15. september, og utover dette gjeld det generelle aktsemdsprinsippet om å vise varsemd med alle former for bålbrenning. 

Etter langvarig tørke er det no svært stor skogbrannfare, og forbodet mot bruk av åpen eld utandørs er no utvida til å omfatte heile kommunen - uavhengig av om dette er i skog og mark, på fjellet, ved strandkanten eller andre stadar. Forbodet gjeld også faste bål- og grillplassar og bruk av eingongsgrill.

Forbodet er heimla i brann- og eksplosjonsvernlova § 37, og forskrift om brannforebygging § 3. (Forbodet er vedteke som forskrift utan førehandsvarsling og kunngjering etter forvaltningslova § 37 andre ledd, og § 38 første ledd bokstav c.)

Brannsjefen

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 28.05.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Andreas Solvik
Frå Høgenibba
Andreas Solvik
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering