Startlån, tilskot til etablering og tilpassing

Startlån og tilskot til etablering
Startlån og tilskot til etablering skal bidra til at husstandar med langvarig bustadfinansierings-problem skal kunne skaffe seg ein eigna bustad og behalde den.

Prioriterte grupper er:

  • Barnefamiliar med behov for eigna og stabil busituasjon skal utgjere minst 50 prosent av dei totale tala på husstandar på landsbasis.
  • Personar som bur i kommunal bustad.
  • Personar som står i fare for å miste bustaden og som klarar å behalde bustaden ved refinansiering.
  • Personar med lav, men stabil og føreseieleg inntekt, som ikkje har mogelegheit for å spare opp eigenkapital.
     

Tilskot til tilpassing 
Tilskotet skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad får nødvendig finansiering. Det skal òg bidra til å auke tilgjengelegheita i bustadmassen.

Ved tildeling av tilskot i 2019 gjeld desse prioriteringane: 

  • Minst 50 prosent av tilsegna på landsbasis skal gå til familiar som har barn med nedsett funksjonsevne. 
  • Husstandar med nedsett funksjonsevne og svak økonomi. 
  • Husstandar med nedsett funksjonsevne og normal økonomi. 
  • Eldre som ønskjer å leggje til rette for framtidige behov for tilpassing, slik at dei kan bli buande heime lenger.

For meir opplysningar ta kontakt med Hornindal kommune, tlf. 57 87 98 00/57 87 98 08 
E-post: post@hornindal.kommune.no 

For meir opplysningar gå inn på  www.husbanken.no

Søk startlån og tilskot her

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Sist endra 27.05.2019

Skjemakategoriar

Barn og familie Bustad og eigedom
Løyver Ymse

Logg inn


 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering