Radon i utleigebustadar, skular og barnehagar

Illustrasjon av radon opp gjennom golvet - Klikk for stort bilete Innan 1. januar 2014 må eigarar av uleigebustadar - både private og offentlege, kunne dokumentere at radonnivået i utleigebustadane oppfyller krava i ny strålevernforskrift. Kravet gjeld og alle skular og barnehagar.
Hornindal kommune tilbyr gjennom samarbeid med Radonlab rimelege radonmålingar.

Statens strålevern har endra sine tilrådingar for radon og skjerpa krava for tillate radonnivå i inneluft. Bakgrunnen for dette er at til lågare radonnivåa er, til lågare er lungekreftrisikoen. Difor bør radonnivåa alltid vere så lave som praktisk talt mogleg. Dette er også eit generelt krav i strålevernforskrifta, i tillegg til grenseverdiane.

I ny strålevernforskrift av 1. januar 2011 gjev helsemyndigheitene ein treårig overgangsperiode for grenseverdiane for radon i barnehagar, skular og utleigebustadar. Det gjeld alle typar utleigebustadar, både dei som vert leigd ut av det offentlege, verksemder og private, inkludert leilegheiter og hyblar i tilknyting til eigen bustad. Krava gjeld alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular, både private og offentlege. (Krava gjeld ikkje for utleigehytter for kortare tids utleige).

Strålevernforskrifta, § 6. Grenseverdiar og tiltaksgrense seier:
Radonreduserande tiltak skal iverksetjast i barnehagar,  skular mv. som er omfatta av forskrift 1.desember 1995 nr. 928 om miljøretta helsevern i skular, barnehagar mv. §2, dersom radonnivået overstig 100 Bq/m3 (tiltaksgrense). Tilsvarande gjeld for bustadar der eigar ikkje bur eller oppheld seg. Radonnivået skal uansett ikkje overstige grenseverdien på 200 Bq/m3 i slike bygningar og lokalar.

Bestemminga trer i kraft 1. januar 2014.

Det vil med andre ord seie at 1. januar 2014 må alle utleigebustadar, skular og barnehagar oppfylle krava til radon i ny strålevernforskrift. Radonnivået skal vere så lavt som det er praktisk mogleg å få til og aldri over 200 Bq/m3. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3. Det tyder at dersom du måler radonnivå høgare enn 100 Bq/m3, for eksempel 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjere tiltak for at nivåa skal bli så lave som praktisk talt mogleg. Dette må dokumenterast.

Maksimumsgrensa er 200 Bq/m3. Radonnivåa skal aldri overstige denne grensa.

Det er utleigar og huseigar sitt ansvar å påsjå at krav vert fylgt.

Hornindal kommune kan også i år tilby innbyggjarane i Hornindal rimelege målingar, kr. 130 pr. sporfilmdetektor inkl. MVA, i tillegg til frakt, mot at kommunen får ta del i resultata i arbeidet med å kartlegge radon i kommunen.

Tilbodet om måling gjeld òg for alle andre innbyggjarar i kommunen som ikkje har formelt krav om radonmåling. Dei som ønskjer å måle i eigen bustad berre for å få vite kva radonnivå dei har i innelufta i huset sitt har høve til å nytte seg av tilbodet.

Miljøretta helsevern i Hornindal kommune tilbyd no gjennom samarbeid med Radonlab rimeleg radonmåling til innbyggjarar i Hornindal. Føresetnaden for rabatten på ca. 50 % er at måleresultata vert gjort tilgjengelege til Hornindal kommune. Miljøretta helsevern vil dermed kunne få eit betre grunnlag for å vurdere radonforholda i kommunen. Måleresultata vil ikkje verte publisert på ein slik måte at enkeltmålingar kan gjenkjennast.

For informasjon og direkte bestilling kontakt http://radonlab.com/hornindal 
eller ring tlf. 21 96 03 50.
For meir informasjon om radon og radonmåling sjå også www.nrpa.no/radon

Publisert av Eli Katrin Kirkeeide. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 05.02.2014
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Knappefelt SoknadHonndalsportalenNordfjordkartVaeret
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering