Roger Aa Djupvik er tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet frå 1. mai 2018

Roger Aa Djupvik er tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet. Roger Aa Djupvik er 37 år gammal og kjem frå stilling som idrettskonsulent i Oppland fylkeskommune. Der har han jobba med å bruke idrett som ledd i regional utvikling og gjennom idretten bygge relasjonar mellom næring og reiseliv.

"Roger Aa Djupvik har klare ambisjonar for å engasjere ungdom og la ungdom ta del i regional utvikling. Dette er heilt i Nordfjordrådet si ånd når det kjem til å styrke regionen som heilskap og jobbe i lag. Då er det heilt avgjerande at vi har dei unge med oss", seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad, som har leia prosessen med tilsettinga.

I tillegg til Leidulf Gloppestad har også ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad, rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, rådmann i Stryn, Rune Hovde og personalsjef i Gloppen Rita Lilletvedt vore med i gruppa som har tilsett Roger Aa Djupvik som dagleg leiar.

Gjennom sine erfaringar frå toppidretten både som utøvar og som tilsett i Norges idrettsforbund, vil Roger Aa Djupvik vera ei drivande kraft i å vidareutvikle samhandling i regionen og arbeide mot felles mål.

"Med Roger Aa Djupvik som dagleg leiar, i full stilling, vil Nordfjordrådet ha ei utviklingskraft vi tidlegare ikkje har hatt", seier ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad. "Med Roger Aa Djupvik har Nordfjordrådet fått ein dagleg leiar med genuin interesse for å utvikle heile Nordfjord og med god kompetanse og bredt nettverk."

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Sist endra 05.03.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Vinter og sol i Grendalen. Hjortedalsetra i framgrunnen, Bruasetra i bakgrunnen. | Fotograf: Ola Magne Strand
Grendadalen
Ola Magne Strand
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering