Redusert foreldrebetaling i barnehage

Barnas Hage - Klikk for stort bilete Ny forskrift  gir rett til redusert betaling for foreldre med låg inntekt. Låg inntekt gir også 3, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart rett på 20 timar gratis kjernetid.

Ny forskrift om foreldrebetaling i barnehagar gir foreldre som har bruttoinntekt lågare enn kr 533.500 per år rett til redusert betaling. Foreldrebetaling for første barn i barnehagen skal utgjere maksimalt 6 prosent av samla inntekt til familien.

3, 4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart har rett på 20 timar gratis kjernetid. Ordinga gjeld for familiar med samla bruttoinntekt lågare enn kr 533.500,- (frå 2018).

Endringane gjeld for kommunale og private barnehagar.

Foreldre må søkje om redusert foreldrebetaling og om gratis kjernetid. I søknaden må vedleggast siste års sjølvmelding.

Søknadsskjema får du ved å vende deg til kommunen.

For nærare opplysningar kontakt styrar Anita Olsen tlf 97 96 24 24

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 03.09.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
13.02.2006 | Fotograf: Joar Helgheim
Bruatunet på Gausemel
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering