Radonmåling - endra tilråding/nytt regelverk

Statens strålevern har endra sine tilrådingar for radon. Dei har og skjerpa krava for tillate radonnivå i inneluft i utleigebustadar, skular og barnehagar. Bakgrunnen for dette er at til lågare radonnivåa er, til lågare er lungekreftrisikoen. Difor bør radonnivåa alltid vere så lave som praktisk talt mogleg. Dette er også eit generelt krav i strålevernforskrifta, i tillegg til grenseverdiane.

Radon
Radon

Hornindal kommune vil difor denne målesesongen tilby innbyggjarane i Hornindal rimelege målingar mot at kommunen får ta del i resultata i arbeidet med å kartlegge radon i  kommunen.

Tilbodet om måling gjeld for alle innbyggjarar i kommunen, både for dei med formelt krav om radonmåling og dei utan. Det er høve til å måle radonnivå i eigen bustad for å få vite kva radonnivå det er i innelufta.

Miljøretta helsevern i Hornindal kommune har inngått samarbeid med Radonlab for å gje rimeleg radonmåling til innbyggjarar i Hornindal. Føresetnaden for rabatten på 50 % er at måleresultata vert gjort tilgjengelege til Hornindal kommune. Miljøretta helsevern vil dermed kunne få eit betre grunnlag for å vurdere radonforholda i kommunen. Måleresultata vil ikkje verte publisert på ein slik måte at enkeltmålingar kan gjenkjennast.

Pris pr. målebrikke er kr. 115,-, frakt kjem i tillegg.

For informasjon og direkte bestilling kontakt http://radonlab.com/hornindal eller
ring tlf. 21 96 03 50.
For meir informasjon om radon og radonmåling sjå også Statens strålevern si heimeside - www.nrpa.no/radon.

Les meir om krava om radonmåling i utleigebustadar, skular og barnehagar.

 
Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 18.11.2011
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering