Radiomuseum opna i Hornindal

Laurdag 12. desember 2009 opna Rolf Haugen sin radiosamling for publikum på Raftevolds Hotell. Over 100 radioar er utstillt i Dølensalen.

Fotograf: Trond Mehlum
Snorklipping fotograf Trond Mehlum

I samband med Rolf Haugen sin 85-års dag vart radioutstillinga "Radiotider" opna. Det starta med ei førehandsopning for spesielt inviterte(vernissage) på fredag og heldt fram med offisiell opning på laurdagen.

Radioutstillinga vil vere permanent i Dølensalen, og er tilgjengeleg for publikum i hotellet si opningstid. Utstillinga gir eit oversyn over utviklinga av radioen ordna oversiktleg og smakfullt i montrar for kvart tiår frå 1920 til 1980.

Under opninga vart det overrekt blomster og helsingar frå Hornindal kommune, fylkeskommunen og private til Rolf Haugen som har synt særskilt stor interesse for radioutviklinga. Plassering av samlinga i Raftevolds Hotel er eit godt tiltak for å spreie kunnskap om denne delen av kultur- og samfunnsutvikling.

Trygve Apalset frå Sogn og Fjordane fylke fortalde om planer for å utvikle eit opplegg for bruk av radiosamlinga i samband med "Den kulturelle skulesekken".

Meir informasjon under "Les meir".

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Lise Mari Haugen. Sist endra 18.03.2010
Fotograf: Trond Mehlum
Blomster frå fylket fotograf Trond Mehlum
Fotograf: Trond Mehlum
Ord frå Anne Raftevold fotograf Trond Mehlum
Fotograf: Trond Mehlum
Radio fotograf Trond Mehlum
Fotograf: Trond Mehlum
40-åra fotograf Trond Mehlum
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering