Pressemelding: statsbudsjettet 2020

pengar_illustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete

– Utgiftene aukar meir inn inntektene, skriv Rådmann for nye Volda Rune Sjurgard om Statsbudsjettet 2020. 

Makrobildet

Regjeringa sitt opplegg for kommunesektoren inneber ein vekst i frie inntekter på 1,3 mrd kroner frå 2019 til 2020. Dette er innanfor det som var forventa ut frå kommuneproposisjonen i mai. Utfordringa er at denne inntekstveksten vert oppspist av veksten i utgiftene.

Regjeringa har lagt føringar på at 400 mill kroner bør gå til satsing på tidleg i skulesektoren, 150 mill kroner til til satsing innanfor rusfeltet.

Vidare opererer regjeringa med ei prognose på at kommunane vil få netto auke på 450 mill kroner i demografikostnader som ikkje vert dekt av deflatoren.

Regjeringa operer med at kommunane samla sett vil få eit auka handlingsrom på ca 300 mill kroner. Da har dei ikkje teke omsyn til at kommunesektoren samla sett har ein utgiftsvekst som er større enn dette.

Må pårekne ekstra kostnadar

Kommunesektoren har investert mykje og auke lånegjelda siste åra. Med auka rente, går meir av inntektene til renter og avdrag.

Kommunane vil også måtte pårekne auka kostnader til klimatilpassing og miljøtiltak utan at det vert signalisert tyngre statleg satsing og samordning innanfor dette området.

Utgiftene innanfor pleie- og omsorg, barnevern og sosialhjelp aukar meir enn veksten i inntektene. KS har over tid rekna ut at denne såkalla underliggjande veksten utgjer ca 400 mill kroner i året.

Regjeringa kjem med eit forslag som vil få negative konsekvensar for dei kommunale velferdstenestene ved at den statlege delen av kostandene til ressurskrevjande tenester vert kutta vidare.

Dette omhandlar kommunale tenester til innbyggjarar med psykisk utviklingshemming, sterkt nedsett funksjonsevne, alvorlege rusproblem eller psykiske lidingar.

Sidan 2016 har staten trappa ned eigen innsats overfor denne gruppa med tilsvarande utgiftsauke i kommunane med over 1 milliard kroner.

Volda kommune

Den nye kommunen Volda er blant dei kommunane som får lågast vekst i frie inntekter (anslag på oppgåvekorrigert vekst frå 2019 til 2020).

Ei samanlikning mellom nokre kommunar på søre Sunnmøre:

Kommune Vekst i % Vekst i mill kroner
Volda 0,9 % 5,7
Ørsta 1,5 9,4
Ulstein 2,4 11,7
Herøy 1,4 7,2

 

Veksten til Volda vil ikkje kunne dekkje renter og avdrag til ny ungdomsskule som kan kome på ca 10,5 – 11 mill kroner i året.

I tillegg har kommunen andre store investeringsbehov innanfor dei lovfesta tenestene, som t.d svømmehall og brannstasjon på Grodås.

Utviklinga i demografien viser også at Volda får auka utgifter innanfor pleie og omsorgstenestene.

Kontaktpersonar

Rådmann
Rune Sjurgard
Tlf 90053752

Økonomisjef
Kari Mette Sundgot
Tlf 90601680

 

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 08.10.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Isvegger i Storelva januar 2011
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering