Oppstart av sikringsarbeid i og langs Vikaelva på Grodås

Vårbilde - Klikk for stort bilete Etter fleire månaders planlegging - og høyring av plandokument, er det no klart for oppstart av det fysiske arbeidet i og langs Vikaelva. Grunneigarar og oppsitjarar har kome med sine innspel, og det er i alt vesentleg grad teke omsyn til desse.   

Skogryddinga er alt komen i gong, og i løpet av torsdag 12. og fredag 13.09.2019 vil anleggsmaskinane kome på plass.

Heile området frå Hornindalsvatnet - til området ved Bulegene blir eit meir eller mindre samanhengande anleggsområde, og mykje av anleggstrafikken - med ut og innkøyring av massar, vil føregå i dette området. Det blir etablert to "hovudangrepspunkt" til anleggsområdet, eitt frå eigedomen til Olav Helge Svår - på sørsida av elva, og eitt frå området sør for Huset Vårt.

Mellom Huset Vårt og eigedomen til Sissel Solum vert det innkøyring til riggområde/ brakkerigg, og vidare sørover vert det lagerplass for jordmassar m.m., samt mellombels oppstillingsplass for kvernhuset som i dag står like ved elva.

NVE er ansvarleg søkjar for tiltaket, NVE anlegg er ansvarleg utførande, mens Hornindal kommune er tiltakshavar.

I første omgang vil mykje av arbeidet føregå på begge sider av elva - frå E39 til området v/ kvernhuset. I tillegg vil det bli utført spuntingsarbeid m.m. på vestsida av E39. Etterkvart vil det også bli sett i gong arbeid vidare oppover - i og langs elva. 

Planane for ny E39-bru over Vikaelva er Statens vegvesen sitt ansvar, og her vil anleggsarbeidet tidlegast kome i gong i 2020.  

Evt. spørsmål om arbeidet kan rettast til: 

NVE: Anders Muldsvor - 952 90 111

NVE anlegg: Øystein Menes - 952 64 600, eller Thomas Kristensen (maskinførar) - 901 59 976

Hornindal kommune: Ståle Hatlelid - 915 66 944

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 12.09.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Andreas Solvik
Gudsteneste på Bruasetra
Andreas Solvik
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering