– Torsdags morgon har vi motteke om lag 1400 førehandsrøyster, opplyser valansvarleg Inger-Johanne Johnsen.

Torsdag og fredag er dei siste dagane det er mogleg å førehandsrøyste, uansett kvar ein er i landet. På valdagen, måndag, kan ein berre røyste i den kommunen ein er folkeregistrert.

Ynskjer du å førehandsrøyste?

Servicekontora ved kommunehuset Smia og rådhuset i Volda har ope til følgjande tidspunkt torsdag og fredag:

  • Torsdag: 08.30 til 18.00
  • Fredag: 08.30 til 15.30

Kva treng du å ta med?

Det aller viktigaste er at du tek med ID (førarkort, pass eller liknande). Om du ynskjer å ta med valkort vil det gjere jobben enklare for både deg og oss, men dette er ikkje naudsynt å ta med.

Om du har spørsmål til korleis du røyster, kan vi hjelpe deg med dette!

Røyste på valdagen

Dersom du vel å røyste på valdagen, må du røyste i den heimkommunen du er folkeregistrert i.

For «nye» Volda gjeld dette innbyggjarar som bur i dagens Volda kommune, dagens Hornindal kommune og ved Bjørke/Viddal.

Også på valdagen må du ha med deg ID når du skal levere di røyst.

Du kan røyste ved eit valfritt vallokale i kommunen på valdagen. Vi har ope for røysting følgjande stadar:

Røystekrins Vallokale Opningstider
Hornindal krins Smia 12.00 – 20.00
Øyra krins Volda samfunnshus 09.00 – 20.00
Mork krins Mork skule 12.00 – 18.00
Dalsfjord krins Dalsfjord skule 12.00 – 18.00
Folkestad krins Folkestad skule 12.00 – 18.00
Austefjord krins Austefjord skule 12.00 – 18.00