Nordfjordkommunane

Samarbeidskommuner Stryn kommuneHornindal kommuneGloppen kommuneEid kommuneBremanger kommuneVågsøy kommuneSelje kommune

Om Hornindal

Hornindal kommune ligg i det nordaustre hjørnet av Sogn og Fjordane fylke og grensar til Møre og Romsdal fylke med kommunane Stranda, Ørsta og Volda som naboar i nord og aust. Med Kvivsvegen tek det ein halv time å køyre fergefritt til Volda. I eige fylke grensar kommunen til Eid i vest og til Stryn i sør.

Kommunehuset Smia - Klikk for stort bilete

Med eit areal på om lag 190 km2 og eit folketal på rundt 1200, er kommunen ei av dei minste i fylket. I vest ligg Hornindalsvatnet, vel 50 km2, den største innsjøen på Vestlandet, og den djupaste i Europa - 514 m djup.

Frå kommunesenteret Grodås i austenden av vatnet går eit breitt og ope dalføre 14 km austover til Møre grense. Dalen har vore ein viktig gjennomfartskorridor mellom dei to nabofylka, også Den Trondhjemske postvegen gjekk gjennom Hornindal. Hornindal er ikkje så trong og vill som ein del andre dalar i Indre Nordfjord, men liknar meir på ein open austlandsdal. Frå dalbotnen går liene slakt over i fjella ikring.

Fleire mindre dalføre skjer seg ut frå hovuddalen og gjev rom for seter- og hyttegrender. Lagleg terreng og gode snøtilhøve skaper gode mulegheiter for tur- og skiaktivitetar. Skisenteret som vart bygd i 2012 gjer det lett å kome opp i flott skiterreng nord for Hornindal.

Folkesetnaden i kommunen finn ein i hovuddalføret og langs vatnet, særleg då langs Kjøsapollen, ein sidearm av Hornindalsvatnet.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 25.04.2016
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Arne Nordnes
Solfest
Arne Nordnes
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering