Nordfjordkommunane

Samarbeidskommuner Stryn kommuneHornindal kommuneGloppen kommuneEid kommuneBremanger kommuneVågsøy kommuneSelje kommune

Kommunevåpenet til Hornindal

Hornindal kommune
Hornindal kommune

Hornindal har tre ljåar i sølv på blå botn i kommunevåpenet sitt. Grunnen til dette valet er at bygda i eldre tid hadde svært mange smedar og ein omfattande ljåproduksjon som gjorde bygda kjend i vide krinsar.

Kommunevåpenet er teikna av Petter Eide.

Det har vorte sagt at på det meste arbeidde om lag 200 smedar i dei mange smiene i kommunen. Omfanget skapte ein produksjon som fann avsetnad ikkje berre i dei næraste bygdene, men også nordover langs kysten heilt opp til Vesterålen. Ljåproduksjonen vart for mange ein viktig og avgjerande del av næringsgrunnlaget og levebrødet. Ljåsmedinga, dei rike handverkstradisjonane elles og landbruket som den viktige næringa i kommunen, er symbolisert i kommunevåpenet.

Hardaste konkurrenten til ljåane som kommunevåpen, var tre feler på grøn botn. Dette motivet viste til dei rike feletradisjonane som bygda er kjend for med spelande utøvarar tilbake til 1700-talet.

Spesifikasjonar
Kommunevåpenet til Hornindal er:
- På blå grunn har tre ljåar i sølv.
- Fargereferanse: Blå: Winsor & Newton nr. 065.
(Våpenets blå farge har fargenummer PMS Prosess Blå (Process Cyan). Sølv har fargenummer PMS 877C. )

Bruk av kommunevåpenet
Viser til Normalforskrift som sier:
"Som hovedregel kan våpenet bare brukes av administrasjonen og institusjoner under utøvelse av kommunal myndighet og til dekorasjon.
Bruk av våpenet på suvenirer for salg er ikke tillatt uten særskilt tillatelse.
Våpenet må ikke brukes slik at det kan oppfattes som privat kjennetegn. Private kjennetegn må heller ikke sammenstilles med våpenet."
Heile forskrifta er det lenkje til nedanfor.

Publisert av Jarle Tvinnereim. Ansvarleg Rådmannenn. Sist endra 09.06.2011
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Skiløpar på veg rundt Grendadalen ved Hjortedalssetra. | Fotograf: Ola Magne Strand
Skiløype i Grendadalen
Ola Magne Strand
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering