Liljekonvall godkjend som kommuneblomst

Liljekonvall er no godkjend som kommuneblomst for Hornindal. Også Førde hadde liljekonvallen som eitt av sine to alternativ, men dei må no finne seg ein annan blomst.

Forslaget om kommuneblomst kom frå Sogn og Fjordane Hageselskap i samband med at Det Norske Hageselskap fylte 125 år i 2009.
I Hornindal kom det inn fleire gode forslag. Til slutt gjekk utval for oppvekst og helse inn for liljekonvall (på engelsk lily of the valley, "lilja i dalen"), med prestekrage og tiriltunge som alternative blomster. Forslaga frå dei ulike kommunane skulle så inn til ein fylkesjury for endeleg avgjerd.
Førde kommune hadde i første rundt sendt inn forslag om kvitsymre som sin kommuneblomst, med liljekonvall på andre plass. Men Gloppen var første ute og fekk tildelt kvitsymre, medan Hornindal sikra seg linjekonvall. No må Førde kommune kome med nye forslag, og rådmannen tilrår prestekrage, med stemorsblomster som alternativ, skriv avisa Firda.
I fylkesjuryen sat fylkesordførar Nils R. Sandal, fylkesstyreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS), Olav Lunden, og Fred-Arild Grøneng, Florø frå Hageselskapet, avd. Sogn og Fjordane.

Publisert av Gunnhild Sindre. Ansvarleg Frank Westad. Sist endra 21.05.2010
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Mot Haugen
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering