Nye Volda søkjer kommunalsjef for samfunnsutvikling

NyeVolda_logo_stor.png - Klikk for stort bilete

Er du ein leiar som brenn for samfunnsutvikling? Da kan vi tilby ei spennande stilling i eit utviklande miljø. 

Hornindal og Volda kommunar skal slå seg saman og den nye organisasjonen skal vere operativ frå 1. januar 2020.

Dette vil krevje leiarar som er ei drivkraft i omstillingsprosessen, som kan vidareføre beste praksis og syte for utvikling.

Ei heilt nyoppretta stillinga som kommunalsjef er no tilgjengeleg i organisasjonen, og denne personen skal leie Sektor for samfunnsutvikling.

Digitalisering, kompetanseutvikling og sysselsetting er nye Volda kommune sine satsingsområde, og den som får stillinga vil få ei viktig oppgåve med å realisere desse satsingane.

Kan dette vere noko for deg?

For meir utfyllande detaljar kan du finne fullstendig stillingsannonse under ledige stillingar i Volda kommune.

Søknadsfrist: 27. august 2018

Det er planlagt intervju den 5. og 7. september. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 06.07.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Hjellbakk
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering