Ny vassforvaltningsplan for Vestland – kom med innspel til tiltak

Sindreelva-Storelva Øyebakken.JPG - Klikk for stort bilete Vassforskrifta seier at alle vassførekomstar i Noreg som hovudregel skal ha minimum god økologisk og kjemisk tilstand - og det skal vere ei heilskapleg forvaltning av grunnvatn, fersk- og kystvatn. Vassforskrifta er heimla i Plan- og bygningslova, Ureinigslova og Vassressurslova. 
 

Vassforvaltningsplan

Hornindalvassdraget ligg under Sogn og Fjordane vassregion, og etter vassforskrifta skal kvar region i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med forslag til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og beskytte mot dårlegare tilstand.

Vassforvaltninga i Noreg skal m.a. medverke til berekraftig bruk av vatnet vårt.Gjeldande vassforvaltningsplan går fram til 2021, og arbeidet med ny plan for perioden 2022-2027 er no i full gang. Med bakgrunn i dette oppfordrar vassområdekoordinator Staffan Hjolmann folk til å seie meininga si om vatnet, og kome med forslag til tiltak. Korleis står det til med vatnet der du bor, og korleis kan vi ta betre vare på det? No kan alle som vil kome med innspel om korleis vi bør forvalte vatnet.

Vatnet blir utsett for mange påverknadar frå det fell som nedbør i fjellet, renn ned bratte lier, gjennom elver, bekker og innsjøar og til slutt renn ut i fjordane våre. På vegen passerer vatnet gjennom urørte landskap, men også område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknadar.

 

Innspel til tiltak

Er det tiltak du meiner bør gjerast for å betre miljøtilstanden i ei elv, innsjø, fjord eller langs kysten, kan du no kome med innspel til tiltak. Innspel på tiltak kan til dømes vere for å redusere påverknad frå jordbruk, avløp, avfallsplassar, industri, fiskeoppdrett, framande artar, vasskraft, bekkar og elvar som er lagt i røyr, utretta, førbygde etc.

Frist for å kome med innspel er 1.1.2020. Ansvarleg sektorstyresmakt for tiltaket, vil vurdere om tiltaket bør inngå i tiltaksprogrammet. Innspelet ditt registrerer du i eit innspelsskjema som blir lagt ut på nettsida til Sogn og Fjordane vassregion på vannportalen.no/sognogfjordane. Har du spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med vassområdekoordinator Staffan Hjohlman på e-post staffan.hjohlman@sfj.no eller telefon 90 40 26 61.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 01.11.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
13.02.2006 | Fotograf: Joar Helgheim
Knausen Hyttegrend
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering