No startar taksering av eigedomar

Taksering-av-bustad.jpg - Klikk for stort bilete

Måndag 16. september startar arbeidet med å taksere eigedomar i Hornindal og Bjørke-området.

Grunnen til dette er at det skal innførast eigedomskatt i Hornindal kommune frå 01.01.2020. I tillegg skal eigedomar i Bjørke-området takserast på nytt, etter retningslinene i Volda kommune.

I den samanhengen vil det bli synfaring og taksering av eigedomar i Bjørke-området og dagens Hornindal frå måndag 16. september.

Det er næringseigedom, bustaddel på landbrukseigedom, fritidseigedom og nokon få bustadeigedomar som no skal bli synfarne. For dei aller fleste bustadeigedomar har vi ein formuesverdi (basert på likningsverdi) frå Skatteetaten som vil bli brukt som grunnlag for utrekning av eigedomskatten.

Taksering og synfaring vil bli gjennomført av takseringsfirmaet Injector AS på vegne av Volda kommune. Det skal ifølgje eigedomsskattelova berre vere ei utvendig synfaring og ved synfaringa vil det bli tatt bileter av eigedommen.

Dei som gjennomfører synfaringa vil ha på seg gul vest og bere legitimasjon for å kunne identifisere seg sjølve.

Eigar treng derfor ikkje å vere til stades ved synfaringa. I tilfelle der takstmann eller eigar meiner det er behov for synfaring med eigarrepresentant til stades, vil dette bli avtalt i god tid. Desse synfaringane vil i så fall bli gjennomført først i oktober eller november.

Dersom eigar ynskjer å gi informasjon eller at eigar ynskjer å vere til stades ved synfaring, kan ein gjere avtale på e-post eller telefon til Injector AS v/ Tormod Haugen.

E-post: tormod@injector.no eller på telefon 90 53 82 85.

Kommunestyret i Nye Volda vil oppnemne ei sakkunnig nemnd som vedtek eigedomsskattetakstane på bakgrunn av forslag frå innleidde takseringsfirma.

Skattesatsen for eigedomsskatt for dagens Hornindal og Bjørke-området vil vere 1,0 promille i 2020, medan den i dagens Volda vil halde fram med 2,0 promille som i dag.

Kontaktpersonar i Volda kommune

Jørgen Vestgarden
utviklingssjef
Send e-post
Mobil 904 70 915

Eli Øye Vassbotn
konsulent
Send e-post
Telefon 70 05 87 40

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 13.09.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Første snø
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering