Legevakt

Kommunen er pliktig til å syte for naudsynt helsehjelp 24 timar i døgnet til alle som bur og oppheld seg i kommunen.

Naudnummer 113 skal nyttast ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade.
Utanom ordinær kontortid, deltar Hornindal kommune i felles legevakt på Eid, lokalisert til Nordfjord sjukehus. Nordfjord legevakt er bemanna med fastlegar frå kommunane Hornindal, Stryn, Eid, Selje og Vågsøy.

Opningstid :
- Måndag til torsdag : kl. 08.00 - 16.00 på kvardagar.
- Frå fredag kl. 16.00 til måndag kl. 08.00, samt heile døgnet på høgtidsdagar.

Alle som ynskjer time ved legevakta, må ringje 116117 og avtale tid for oppmøte.

Når du kjem til sjukehuset, bruk hovudinngangen på framsida av sjukehuset. Nordfjord legevakt ligg til høgre for hovudinngangen.

Dersom legebesøket kan vente, tingar du legetime ved Hornindal legekontor tlf. 57 87 98 70 mellom kl. 09.00 - 15.00, måndag til fredag.

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Elsa Aslaug Ommedal. Sist endra 16.01.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Høgenibba
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering