Legetenesta

Besøksadresse: Helsehuset, Grodås sentrum
Postadresse: Postboks 24, 6761 Hornindal


Kontortid : Måndag - fredag kl. 09.00 - 15.00.

Telefon: 57 87 98 70 (ekspedisjon)
Telefontid med lege: Ring legeresepsjon for avtale. Lege ringjer tilbake i løpet av dagen.
Lunsj / administrativ tid: 12:00 - 13:00 

Legevakt  / Øyeblikkleg hjelp: tlf. 116117.
Nødtelefon: 113

Olav Maurset er kommunelege I.
Arbeidsoppgåver :
60 % kurativ verksemd/ privat praksis

40 % kommunal stilling som tilsynslege ved omsorgsenteret /heimespl./psykiatri og innan samfunnsmedisin / miljøretta helsevern.

Bent Ingebrigtsen er kommunelege II - Har permisjon til 31.08.2018  Vikar Silja Osdal Saure frå Bjørke
Arbeidsoppgåver :
80 % kurativ verksemd/ privat praksis.

20 % kommunal stilling med ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste, samt smittevern. Leiar i psykososialt beredskapsteam.

Timebestilling:
Vanlege timebestillingar tek ein imot i heile opningstida.
For vanlege kontrollar må ein rekne med ei ventetid frå nokre dagar til opp mot 2 veker, noko avhengig av kva det gjeld. Ved meir akutte tilstandar og trong for time same dag anbefalar vi å ringje om morgonen. Det kan då vere lettare å få time same dag enn om ein ventar til ut på dagen.

Time som kan vente 4 - 5 dagar kan du nå også bestille via e-mail til legeresepsjon@hornindal.kommune.no.

Dersom du uteblir frå avtalt time eller avbestiller timen mindre enn 24 timar før, må du likevel betale for timen, jfr. sentralt vedteken avtale.

Medisinbestilling :
Bestilling av faste medisinar må bestillast seinast ein dag før ein treng resepten.
Legekontoret har innført ordninga med E-reseptar, som betyr at du nå slepp å hente papirresept på legekontoret, men kan få medisinen utlevert på kva apotek som helst dagen etter bestilling. E-resept er gratis for deg. Dersom du ynskjer medisinen din sendt til Lødemel Bok & Interiør, må du gje oss beskjed om det ved bestilling. Du kan hente medisinen der kl. 16.00 alle kvardagar.

Du kan også bestille reseptar via e-mail til legeresepsjon@hornindal.kommune.no
Noter type medisin, styrke, kor mykje du brukar pr. døgn.

Kontorpersonale :
Hornindal legekontor er nå bemanna med sjukepleiar og helsesekretær. På dagar med berre ein person på jobb, kan det bli noko ventetid før de får svar på telefonen eller får kontakt med vedkommande i resepsjonen, då vedkommande skal dekke tenester både i resepsjon, på laboratoriet og på behandlingsrommet. Ved akutte situasjonar der ein treng lege fort og ikkje får raskt svar ved legekontoret, kan ein ringje øyeblikkeleg hjelp tlf. 116117 eller 113 ved akuttnød.

Lyslampe :
Legekontoret har utlån av lysterapilampar (til hjelp ved depresjon). Leige: kr.50,- pr. påbegynte mnd.

Lege
Namn:Adresse:Telefon:
Olav Maurset(kommunelege I)P.b. 24, 6761 Hornindal5787 9870 (sentralbord)
Bent Ingebrigtsen(Kommunelege II) permisjon til 31.08.2018 Vikar Silja Osdal SaureP.b. 24, 6761 Hornindal5787 9870 (sentralbord)
Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Elsa Aslaug Ommedal. Sist endra 16.01.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Anne Raftevold
Frå løypa rundt Grendadalen
Anne Raftevold
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering