Ledig vikariat som dagleg leiar på Hornindal Frivilligsentral frå 10.12.2018

Frivilligsentral stor logo.jpg - Klikk for stort bilete

Kan du tenke deg å jobbe med frivilligheit i Hornindal? Hornindal frivilligsentral søker etter vikar for tidsrommet 10.12.2018-1.8.2019. Som dagleg leiar ved Hornindal frivilligsentral vil du få jobbe med mange flotte engasjerte frivillige, kjekke samarbeidspartnarar og veldig interessante prosjekt.

Hornindal Frivilligsentral er organisert som foreining og har som føremål å vere eit senter for frivillig aktivitet

Søknadsfrist: 07.10.2018

Målsetnaden er å drive bulystfremjande folkehelsearbeid, ved å: 

-      skape sosiale møteplassar for alle aldersgrupper

-      motivere og rekruttere frivillige

-      ta initiativ til, organisere og samordne frivillig aktivitet i trå med lokale føresetnadar og behov

-      vere ein bidragsytar for nye frivillige organisasjonar eller dugnadsprosjekt

-      vere ein ressurs for etablerte frivillige organisasjonar

-      skape og utvikle samarbeid mellom frivillige, det offentlege og det lokale næringslivet

-      drive kompetanseheving om frivillig aktivitet

Oppgåver:

-      Dagleg drift og leiing av sentralen, saksbehandling, søknads- og rapporteringsarbeid.

-      Planlegging og koordinering av aktivitetar.

-      Rekruttering, oppfølging og rettleiing av frivillige.

-      Kontakt og samarbeid med ulike samarbeidspartnarar.


Kvalifikasjonar:

-      Utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå innan sosialt arbeid, samfunnsvitskap eller  administrasjon er ein fordel, men ikkje eit krav.

-      Relevant arbeidserfaring

-      Data- og webkyndig


Personlege eigenskapar:

-      Eit personleg engasjement for frivillig arbeid.

-      Likar å ha "mange ballar i lufta".

-      Er initiativrik, fleksibel, nytenkande og løysingsorientert.

-      Gode samhandlings- og samarbeidsevner.

-      Likar utfordringar og er motivert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:

-      Fleksibel arbeidstid, noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.

-      Meiningsfylte, varierte og utviklande arbeidsoppgåver.

Arbeidsstad:  Hornindal

Type stilling: vikariat heiltid

Søknadsfrist: 07.10.2018

Stilling ledig frå: 10.12.2018 - 31.07.2019

Send søknad til:  frivilligsentralen@hornindal.kommune.no

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 14.09.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
13.11.2007: Mot Høgenibba og Lisjenibba | Fotograf: Bjørn Lødemel
Mot Høgenibba og Lisjenibba
Bjørn Lødemel
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering