Kunngjering av tidlegare eigengodkjende reguleringsplanar

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-12 har Hornindal kommunestyre samrøystes eigengodkjend: 

  • Reguleringsendring/ reguleringsplan for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend m.m. - eigengodkjend i møte 30.10.2014, KS-056/14.
  • Reguleringsplan for næringsområde/ massetak søraust for Kjøs bru - eigengodkjend i møte 10.12.2015, KS-112/15.

Harevadet hyttegrend og Hornindal skisenter - Klikk for stort bilete Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend m.m.

Føremålet med reguleringsendringa er å leggje til rette for utviding av opphavleg planområde frå ca. 395 daa. til ca. 430 daa., og innafor dette området setje av areal til hyttebygging, skianlegg m/ tilhøyrande bygningar, trafikkareal/ parkering og areal til friluftsføremål. I tillegg - setje av område til vassforsyningsanlegg og renovasjon. Det er lagt til rette for 162 fritidsbustader, av desse inntil 58 konsentrerte fritidsbustader nær skitrekket.

Andre endringar:

  • Køyreveg fam til den enkelte tomt
  • Vesentleg fleire parkeringsplassar ved Hornindal skisenter   
  • Høgare utnyttingsgrad i hytteområda
  • Utforming av føresegner i tråd med nytt/ gjeldande regelverk

 

Deler av Hornindal skisenter (i hovudsak stadionområdet) og eit avgrensa område med konsentrert hyttebygging innafor Harevadet hyttegrend sitt område (deler av FK2 og FK3) er regulert som fareområde, og på bakgrunn av dette er det utarbeidd eigen rapport om "Skredfarevurdering for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend, Hornindal kommune". Rapporten konkluderer med at krava i teknisk forskrift m.o.t. flaum- og skredfare er oppfylt ved etablering av eit par mindre sikringstiltak i øvre del av elveløpa i området, samt etablering av sikringssoner på 20 m på kvar side av elvane i reguleringsområdet.

 

Massetak søraust for Kjøs bru - Klikk for stort bilete Næringsområde/ massetak søraust for Kjøs bru

Planområdet er på ca. 18 daa., og hovudføremålet med planen er å leggje til rette for vidare drift/ fullføring av eksisterande massetak m/ tilhøyrande infrastrukturtiltak. Planen tek ikkje stilling til etterbruk av området, og i kommunestyret sitt vedtak er det sett krav om detaljert reguleringsplan før området vert teke i bruk som næringsområde.

I planen er det sett av område til:

  • Steinbrot/ massetak
  • Trafikkareal/ køyreveg
  • Vegatasjonsskjerm

 

Deler av området er regulert som fareområde for snø- og flaumskred, men så lenge området ikkje skal utbyggjast er denne reguleringa ikkje til hinder for vidare uttak og knusing av stein.

 

Klage

Vedtaka i dei to plansakene kan påklagast etter PBL  § 12-12, jf. § 1-9, og forvaltingslova kap. VI. Evt. klage skal vere skriftleg, og må sendast Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, eller post@hornindal.kommune.no, innan 02.01.2018.

 

Erstatning

Eventuelle krav om erstatning eller krav om innløysing av areal skal vere skriftleg og må sendast Hornindal kommune innan 3 år etter denne kunngjeringa. Jf. PBL §§ 15-2 og 15-3.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 27.11.2017
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Ola Magne Strand
Kjøs
Ola Magne Strand
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering