Kreftomsorg og Lindrande behandling

Når alvorleg sjukdom rammar

Hornindal kommune har i dag to sjukepleiarar som jobbar særskilt retta mot kreftomsorg og lindrande behandling. Dei har vidareutdanning innan fagfeltet og begge har benevninga ressurssjukepleiarar. Desse er Irene Lødemel og Solgun Sørdal.

I kommuna samarbeider ressurssjukepleiarane med:
- Fastlege
- Fysioterapeut
- Helsesyster
- Psykiatritenesta
- Prestekontoret i kommuna
- NAV

Denne hjelpa er ikkje retta aleine mot kreftomsorga, men også mot andre langvarige / kroniske sjukdomar som krev lindrande behandling, samt for lindring i livets sluttfase.

Når alvorleg sjukdom rammar, kan det vere godt å ha nokopn å snakke med og søkje faglege råd hjå..
- Nokon som `
o Har tid til å lytte
o Kan vere bindeledd mellom deg / dine pårørande og hjelpeapparatet
o Kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
o Kan yte praktisk hjelp

Målet vårt er at den som vert sjuk og deira pårørande skal verte ivaretekne på ein god måte, og at ulike behov vert møtt.

Vi ynskjer å kome i kontakt tidlegast muleg i sjukdomsforløpet, noko som vil gje oss ei betre mulegheit til å organisere naudsynt hjelp.

På Omsorgssenteret er telefonen bemanna døgnet rundt, tlf 57 87 98 80/81. Dei vil kunne vidareformidle kontakt til ein ressurssjukepleiar.
Ellers er resepsjonen ved helsesenteret bemanna
mandag - torsdag kl 0800 - 1500, tlf 57 87 98 60, og heimetenesta har som regel nokon på kontoret mandag - fredag kl 0800 - 1530, tlf 57 87 98 69.

Kreftomsorg og Lindrande behandling
Kreftomsorg og Lindrande behandling
RessurssjukepleiarSolgun SørdalTlf 57 87 98 80
RessurssjukepleiarIrene LødemelTlf. 57 87 98 69
Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 14.10.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Lønsetra
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering