|
|
Kolonnekøyring på kveld og natt i Rotsethorntunellen frå 3. september
Måndag 3. september startar utbetringa av Rotsethorntunnelen. Frå september til juni 2019 skal tunnelen utbetrast for å heve sikkerheita i tunnelen.
Tunnelen skal bli tryggare og blir kvar kveld og natt, utanom laurdag, stengt med kolonnekøyring mellom kl. 19 og 07. Frå laurdag kl. 07 til søndag kl. 21 kan ein køyre fritt gjennom tunnelen.
Nødetatar og andre under utrykking får sleppe gjennom tunnelen. Viss du må til legevakt/sjukehus når tunnelen er stengt må du ta kontakt med legevakt/AMK. Dei avgjer korleis du skal komme deg dit og har kontakt med dei i tunnelen.
Personbilar kan køyre Aldalen
Den kommunale vegen gjennom Aldalen kan nyttast av personbilar. Frå E39 Austefjorden må man ta av mot Vatne. Frå Ørsta køyrer man fylkesveg 655 mot Sæbø og tar av mot Hunnes etter 10 kilometer. Total køyrelengde mellom Ørsta og Hunnes er ca. 20 kilometer.
Varslar med SMS
Viss det blir endringar i trafikkavviklinga i tunnelen på kveld og natt vil Statens vegvesen sende ut ein SMS. Varslinga er gratis og ein melder seg på ved å sende ein SMS med ROTSETHORN START til 2252 (gratis).
Slik blir trafikkavviklinga
Frå Volda
|
Mot Volda
|
Kl. 19.20
|
Kl. 19.40
|
Kl. 20.20
|
Kl. 20.40
|
Kl. 21.20
|
Kl. 21.40
|
Kl. 22.20
|
Kl. 22.40
|
Kl. 23.00-04.30: heilt stengt
|
Kl. 04.30
|
Kl. 04.50
|
Kl. 05.45
|
Kl. 06.05
|
Kl. 06.30
|
Kl. 06.45
|
Heilt stengt på natt fram til desember
I løpet av desember skal vi gjere ferdig det tunge arbeidet i tunnelen, som sprenging og sprøyting av betong, fortel prosjektleiar Arne Ola Stavseng.
Tunnelen blir derfor heilt stengt på natt frå kl. 23.00-04.30. I løpet av desember blir det to ekstra kolonnar på natt, kl. 00.20 og 02.10 frå Volda og kl. 00.40 og 02.30 mot Volda.
Pussast opp for nesten 100 millionar
Rotsethorntunnelen skal blant anna få betre lys, brannventilasjon, to nye havarinisjar med tekniske bygg og fleire naudskap.
Det er arbeidsfellesskapet K. A. Aurstad, BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS som skal utbetre tunnelen. Kontrakten er på ca. 89 millionar kroner
Det er dessverre ikkje mogleg å gjennomføre utbetringa utan at det får konsekvensar for trafikantane, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng. Dei må tilpasse seg kolonnane til faste tidspunkt eller køyre andre veger.
Kontaktperson i Statens vegvesen: assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng, mobil 901 34 713
Tunnelutbetringa har eiga facebookside
Publisert av
Elisabeth Gamlem Lødemel.
Sist endra 03.09.2018
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00
Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :
Kyrkjhornsbakkane i vintersol
Joar Helgheim
|
|