KJØSPOLLEN - VARSEL OM FELTARBEID

2017-07-03(1).jpg - Klikk for stort bilete Bengt Flaten Heilt frå Kjøs bru vart bygt i siste halvdel av 1960-talet har det med ulike mellomrom vore fokus på bruopninga, og kva evt. manglande vassgjennomstrøyming har å seie for vasskvaliteten og miljøtilstanden i Kjøspollen. Om vi kjem nærare svaret på dette etter utført feltarbeid er vanskeleg å seie, men frå og med midten av juni - ut oktober 2018 vil det bli teke ei rekkje prøver der føremålet er å kartleggje vasskvaliteten og miljøtilstanden i Kjøspollen. Prøvene vil også gje ein peikepinn om evt. ureining.  

Eu sitt vassdirektiv og vassforskrifta har som mål å sikre at alle vassførekomstar har - eller oppnår "god tilstand" etter bestemte kriterium. Dette gjeld både for innsjøar, elvar, kystområde og grunnvatn, og her i fylket blir undersøkinga gjennomført i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Feltarbeidet blir utført av konsulentfirmaet Faun naturforvaltning AS, og vil starte opp i veke 24. Arbeidet omfattar 6 prøvetakingar fram til utgangen av oktober, og det blir nytta båt til å ta prøver av planteplankton, oksygen og vassprøver - for vidare analyse i laboratorium.

Denne orienteringa er også varsel til grunneigarar o.a. i området - om det planlagde feltarbeidet.

 

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 08.06.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Pause i solskin, under Høgenibba. | Fotograf: Ola Magne Strand
Skitur
Ola Magne Strand
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering