Høyring: skyssreglement i Volda kommune

Buss.jpg - Klikk for stort bilete

Forslaget til kommunalt skyssreglement vert sendt til uttale til SU og FAU ved grunnskulane, det kommunale foreldreutvalet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Frist til å kome med innspel vert sett til 1.november 2019.

Geografien i nye Volda kommune gjer det naudsynt med skuleskyss for mange av grunnskuleelevane.

I 2018 hadde 56,4 % av elevane i Hornindal kommune skuleskyss, medan 14,4 % av elevane i Volda kommune hadde det same. Samla utgjer dette om lag 245 elevar.

Dei aller fleste av desse har rett til skyss grunna avstanden mellom heim og skule, medan nokre har kommunal skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

Med ny kommune er det naudsynt å revidere/utarbeide nytt kommunalt skyssreglement, som er å sjå på som ei forskrift.

Som forskrift er reglementet nyttig for å sikre tydelege retningslinjer og gjere det føreseieleg for elevar og føresette. 

Høyringsuttalar

Forslaget til kommunalt skyssreglement vert sendt til uttale til SU og FAU ved grunnskulane, det kommunale foreldreutvalet og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frist til å kome med innspel vert sett til 1.november 2019.

Innspel skal merkast med saksnummer 19/15352 og sendast til postmottak@volda.kommune.no.

Føresette som har innspel kan sende desse via FAU ved skulen der borna går.

Høyringsdokument

 

 

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 08.10.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Ola Magne Strand
På tur i Grendadalen
Ola Magne Strand
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering