HOLD NORGE RENT - RYDDEAKSJON I HORNINDAL

Søppelhenting - Klikk for stort bilete

 

 Etter at ein avmagra kval - med magen full av plastposar - måtte avlivast på Sotra tidlegare i år har det vore eit sterkt fokus på forsøpling av hav- og strandområde, både nasjonalt og internasjonalt. Sjølv om Hornindal ikkje grensar mot havet har vi likevel utfordringar med søppel i naturen, både langs strendene i Hornindalsvatnet, langs elveskråningar og langs "gater og streder".

 Dette må vi gjere noko med, og i eit nært samarbeid med NoMil og Hold Norge Rent inviterer kommunen til ei aksjonsveke i byrjinga av mai. Kommunen har sendt ut e-post til skule, barnehagar, velforeiningar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar, som vi håper kan vere med på ryddeaksjonen. Utdrag av innhaldet i e-posten:

INNSAMLING AV SØPPEL - RYDDEAKSJON I HORNINDAL

Viser til e-post frå NoMil (under) vedgåande mottak av søppel frå oppryddingsaksjonar i strandsona og naturen elles. Kommunen har dessverre ikkje noko budsjett for godtgjersle til dei som samlar inn søppelet, men håpar at mange er villig til å gjere ein dugnadsinnsats for å halde naturen fri  for søppel. Avfallet skal handsamast som restavfall, men tauverk, fiskereiskapar og liknande skal ikkje blandast med anna avfall. Legg dette i eigne sekkar (det same gjeld for evt. farleg avfall) og merk desse spesielt, og ta dei med til mini-gjenbruksstasjonen på Ytrehorn saman med resten av søppelet. Dei som ikkje kan levere søppelet på Ytrehorn må melde frå om dette når dei får utlevert/ hentar plastsekkar på Smia.

Vi oppfordrar alle til å nytte ein ekstra sekk for flasker og boksar som kvar enkelt kan levere til panting.

Ryddeaksjonen er lagt til veke 18, dvs. frå 2. - 5. mai. Plastsekkar vert utlevert av servicekontoret på Smia frå og med 21.04.2017. For oversikta sin del noterer vi namn, tlf.nr., kva område det blir samla søppel i og evt. henteplass for innsamla søppel. Dette er ein Hold Norge rent aksjon, og kommunen syter for registrering av innsamla søppel.

I tilknyting til aksjonen er det også utarbeidd undervisningsopplegg for skular. Dette er å finne på: http://holdnorgerent.no/undervisningsopplegg-om-marin-forsopling/

Dei som er med på ryddeaksjonen vert oppfordra til å nytte refleksvestar.

NB! Dette er ein ryddeaksjon for "herrelaust" søppel i naturen, og omfattar ikkje eige hushaldnings- eller næringsavfall.

 

NoMil:
I styremøte til Nomil 21.03.17 tok styret opp ei sak knytt til marin forsøpling og anna avfall frå rydding av forsøpling. Som resultat av dette vil det frå no av gjelde følgjande ordning:
Privatpersonar, skular, lag og organisasjonar som ryddar marin forsøpling frå fjøra eller strendene, eller forsøpling frå andre delar av naturen får levere dette gratis til Nomil sine gjenbruksstasjonar.
Kontaktpersonen for ryddinga skal ta kontakt med Nomil sin administrasjon minst to dagar på førehand, og melde frå om kven som er kontaktperson og kvar dei skal rydde.
Administrasjonen varslar operatøren ved den gjeldane gjenbruksstasjonen om kven som får levere gratis og kva tid. Om det ikkje er varsla på førehand skal operatør ikkje ta i mot gratis.
Avfall frå slike ryddingar skal sorterast som restavfall. Dei som ryddar får informasjon om at lange tau, fiskereiskapar og liknande ikkje skal blandast med anna avfall, slik at det skal vere lett å sortere det ut når dei kjem til gjenbruksstasjonen. Det same gjeld for evt. farleg avfall. Ordninga skal gjelde gjennom heile året.

Vi legg ut informasjon om dette på heimesidene våre.

 

Med helsing

Nomil IKS

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 21.04.2017
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune
Kommunehuset Smia Telefon 57 87 98 00
Legekontoret 57 87 98 70
E-post :  post@hornindal.kommune.no

Org.nr.
: 835 095 762
Kontonr
: 3820.07.00144
Kommunenr
: 1444
Opningstid
: 09:00 - 15:00
Fotograf: Kari Torheim
Grendadal-panorama
Kari Torheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering