Nordfjordkommunane

Samarbeidskommuner Stryn kommuneHornindal kommuneGloppen kommuneEid kommuneBremanger kommuneVågsøy kommuneSelje kommune

Greier vi å stabilisere hjortebestanden?

Hjort - overvaking, produksjon og felling
Hjort - overvaking, produksjon og felling
På bakgrunn av data frå kjeveinnsamlinga under hjortejakta, kan det sjå ut til at vi er på veg til å stabilisere hjortebestanden.
I perioden 2000 - 2005 reknar vi med at avskytinga jamnt over har lege under (kalve-) produksjonen. Rekordavskyting i 2006 (169 hjortar) har redusert noko av den oppsamla veksten, frå åra før, jamfør diagram ovanfor (ligg også ved som pdf-fil). Det er likevel trong for tilsvarande høg avskyting i 2007, viss vi vil stabilisere hjortebestanden.

Det er frå 2003-årgangen det er skote nest mest hjort til no, med 122 felte (av 2002-årgangen er det skote 123, sjå pdf-fil med årgangar). Samla reknar vi med at denne årgangen har vore på cirka 135 individ. Det vart felt 135 hjortar i 2003, noko som tilseier at vi hadde ingen vekst i bestanden dette året (uttak = produksjon). Samla for perioden 1999-2006 kan vi rekne med ein oppsamla vekst på om lag 20 hjortar. Utan rekordfellinga i 2006 ville veksten sjølvsagt vore mykje større.

Alder på felte hjortar
Det vart, i 2006, skote ein noko større del vaksne hjortar over 4 år, samanlikna med 2005. Det vart felt sju vaksne bukkar (19 %) over 4 år og 22 vaksne koller (47 %) over 4 år, mot høvesvis tre (15 %) og åtte (32 %) i 2005.

Eldste kolle skoten i 2006 var 15 år. Ho vart felt i Kviven hjortevald (Grenda jakfelt) den 11. september og vog 66 kg, i følgje rapporten. Eldste bukk var 7 år, også den felt i Kviven (Grenda jaktfelt). Den fall 27. oktober og vog 102 kg.

De finn ei oversikt over alder på alle felte dyr nedanfor.
Publisert av Joar Helgheim. Sist endra 19.04.2007
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
13.02.2006 | Fotograf: Joar Helgheim
Lav
Joar Helgheim
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering