Framlegg til årsbudsjett og økonomiplan

pengar_illustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete Slik ser rådmannen føre seg at Volda kommune skal bruke pengane dei neste åra. 

Den 12. desember skal kommunestyret i Volda vedta årsbudsjettet for 2020 og økonomiplan for perioden 2020-2023.

Dette vert det aller første budsjettet som "nye" Volda kommunestyre skal handsame.

Som eit utgangspunkt har administrasjonen lagt fram eit forslag til budsjett og økonomiplan. Heile framlegget finn du her: Administrativt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan.

Her er også føreslegne driftstiltak i økonomiplanen for perioden 2020-2023.

PRESSEMELDING:

Må redusere utgifter med 46,6 millionar innan 2023

Det er med tungt hjerte at rådmann Rune Sjurgard legg fram forslag til økonomiplan som føreslår store kutt dei neste fire åra.

År 2020 vil verte ein historisk milepåle, der «nye» Volda kommune omsider skal verte sett i drift. År 2020 vil samstundes verte eit år med krevjande, økonomiske prioriteringar.

Samanlikna med i fjor får kommunesektoren om lag 3,8 mrd lågare vekst i frie inntekter, som er til dømes skatt og statlege rammetilskot.

Sjølv om Volda kommune i 2020 får ein vekst på 15,2 mill, er ikkje dette nok til å dekkje lønsveksten.

Inntektene til flyktningar går ned med om lag 20 mill siste to åra, avdragsutgiftene aukar og utgifter innanfor rettigheitsbaserte tenester innanfor oppvekst og pleie- og omsorg aukar.

- Mange av samanslåingskommunane melder at dei ikkje ser att gulrøtene som staten lokka med i kommunereforma. Samanslåinga vil gi økonomiske synergiar, men det vil ta nokre år før ein får full effekt, seier rådmann Rune Sjurgard.

MÅ KUTTE 46,6 MILLIONAR

I løpet av det neste kalenderåret må kommunen redusere utgifter med 10,2 mill. Innan utgangen av 2023 må det kuttast utgifter på totalt 46,6 mill. Det er noko rådmannen helst skulle ha unngått.

- Det er svært lite ynskeleg å starte ein ny kommune med å foreslå kutt. Dette vil ramme mange og det skapar svært store utfordringar. Det går tungt inn på meg at vi må foreslå dramatiske tiltak for å ha balanse i økonomien, seier Sjurgard.

- Kva dramatiske tiltak må kommunen potensielt gjere for å oppnå balanse?

- Dersom kutta i hovudsak skal takast på nedbemanning, utgjer det 40 årsverk i løpet av dei komande fire åra. Det mest dramatiske vil vere at tilsette vil måtte seiast opp dersom vi ikkje vi ikkje greier nedbemanninga ved naturleg avgang.

Rådmannen teiknar eit bilete av at kommunen som organisasjon har vorte ganske komplisert.

Frå utsida kan ein kanskje ha inntrykk av at ein kommune har pengar til det den ynskjer. Slik er ikkje realiteten, ifølgje Sjurgard.

- Vi må leggje opp aktivitetsnivået utifrå kva inntekter kommunen har. Mange spør kvifor ikkje staten kan overføre meir pengar når vi har eit oljefond på 10.000 mrd. Den enkle forklaringa er at vi har ein kunstig økonomi med om lag 250 mrd i underskot på fastlandsøkonomien, altså den aktiviteten som går føre seg i Noreg utanom eksport og olje- og gassutvinning.

BUDDE PÅ STOR OMSTILLING

Rådmannen forklarar at Volda kommune som organisasjon må vere innstilte på å gå inn i ei formidabel omstilling dei komande åra for å kunne levere dei lovpålagde tenestene.

Det betyr at ein må setje særinteresser til side for å ivareta heilskapen av kommunalt tenestetilbod.

- Det må flyttast pengar frå barnehage- og skuledrifta med minkande eller stabilt behov til pleie- og omsorgstenestene som har veksande behov.

Vi må effektivisere og arbeide på nye måtar for å gjere meir med same eller mindre ressursar. Det krevst radikal tenking i nye måtar å organisere drifta på.

I tillegg vert det også behov for å redusere nivået på tenestene gjennom direkte kutt, påpeikar Sjurgard.

Rådmannen er tydeleg på at situasjonen er så alvorleg at det ikkje er sikkert at kommunen har økonomi til å stette alle lovkrav.

Det betyr ifølgje Sjurgard at det hastar med å dreie ressursar frå skule og barnehage med færre einingar, og vidare med å flytte ressursar i tenestetrappa til dei som har mest behov.

- Institusjonsplassane må reserverast til korttidspasientar, dei mest komplekse somatisk sjuke og pasientar med behov for skjerming. Det vil vere behov for redusere talet på heildøgnsbemanna omsorgsbustader og flytte ressursar til styrka tiltak i heimetenesta og rehabilitering. Men dette vil ikkje vere nok. Ein kan ikkje forvente tenester på ein standard utover det som kommunen etter lova er plikta å yte.

HØG GJELD GIR LITE HANDLINGSROM

I den nye kommunelova vert kommunestyret pålagt eit tydelegare ansvar for økonomisk styring med krav om økonomiske måltal, som vil seie at gjelda må ned.

Den høge gjelda gjer at kommunen eigentleg ikkje har eit økonomisk handlingsrom til ny ungdomsskule, symjeanlegg og brannstasjon på Grodås.

Det er derimot svært store bygningsmessige manglar ved desse anlegga og symjeundervisning er lovpålagt.

Framtidige investeringar, utover ungdomsskule, symjeanlegg og brannstasjon, må derfor liggje under nivået på årlege avdrag – som vil vere under 45 mill.

Ein konsekvens av dette vil vere at ein ser seg nøydde til å auke eigedomsskatten.

- Det vert nødvendig å føreslå at eigedomsskatten vert auka til 3 promille i 2022 og 4 promille i 2023 for å få plass til desse investeringane. Staten nyttar kommunane i utbygginga av velferdsstaten. Om lag 80 prosent av kommunebudsjettet går til velferdstenestene, forklarar Sjurgard.

I tillegg ynskjer Volda kommune også ha eit sterkt fokus på samfunnsutvikling.

- Volda kommune må vere med på klimadugnaden. For å ha positiv folketalsutvikling og rekruttering av kompetanse, bør vi leggje til rette for vekst i arbeidsplassar og bustadbygging. Det må gjerast prioriteringar dersom det skal gi seg utslag i faktisk handling, poengterer rådmannen.

DETTE ER DEI STØRSTE UTFORDRINGANE

Kommuneøkonomien er innbyggjarane sine fellesressursar og må forvaltast slik at den er berekraftig i framtida.

Slik rådmannen vurderer det, er dette dei største utfordringane Volda vil sjå framover:

  • Skape kunnskap om samanhengane i ei komplisert kommunal verksemd der innbyggjarane, administrasjonen og politikarane har felles syn på kva som er det heilskaplege bildet.
  • Dreie om ressursbruken for å prioritere tenestene der brukarane vil ha størst behov
  • Rasjonalisere og effektivisere tenestene for å balansere drifta etter at driftsfondet er brukt opp.
  • Redusere framtidige investeringar til eit nivå under årlege avdrag for å redusere lånegjelda.
  • Førebyggje mot utanforskap og integrere så mange som mogleg i arbeid og aktivitet.
  • Heilskapleg bustadpolitikk i samarbeid med utbyggjarar og Husbanken med sikte på eigna bustad for alle.
  • Få auka verdiskaping gjennom privat satsing og investeringar i sentrum og andre delar av kommunen.
  • Rådmannen er klar på at den politiske og administrative leiinga har eit felles ansvar for å løyse dei økonomiske utfordringane som ligg føre.

- Det er også vi som må bere det overordna ansvaret med å svare på kritikken som kjem med upopulære tiltak. Det vil oppstå mange interessekonfliktar der organisasjonen må stå i presset samtidig som ein skal ha fokus på godt arbeidsmiljø og levere gode tenester, seier Sjurgard, som også ynskjer å presisere korleis prosessen med budsjetthandsaming går føre seg:

- Administrasjonen si oppgåve er å kome med forslag. Kommunestyret må no peike ut retninga, kvar vi skal og gi administrasjonen tydeleg oppdrag for å gå opp retninga. Saman må vi halde kursen. Sjølv om det vil smerte, så har eg tru på at vi saman skal greie oppdraget.

 

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 06.11.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Snøtre og vatnet
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering