Eigengodkjenning av mindre reguleringsendring i hytteområde B4 - nordaust for Storesetra

Utkast til reguleringsplan - B4.png - Klikk for stort bilete I møte 15.11.2018 eigengodkjende Hornindal kommunestyre i KS-045/18 mindre reguleringsendring for hytteområde B4 nordaust for Storesetra.

Reguleringsplanen omfattar to hyttetomter, samt diverse trafikk- og landbruksareal, og eigengodkjenninga inneber at grunneigaren og hytteeigarane i området no kan føreta justeringar av fleire grenser, og gjennomføre makeskifte av areal. Endringane omfattar i korte trekk at område regulert til gangsti/ tilkomst vert omregulert til landbruksføremål, og at tilkomsten til dei to hyttetomtene vert sikra ved tinglyst vegrett over landbruksareal tilhøyrande hovudbruket. Vidare er fleire små trekantar omregulert frå landbruksareal til byggjeområde hytte, og tilsvarande er fleire trekantar omregulert frå byggjeområde hytte - til landbruksareal.

Det vert elles vist til KS-045/18 m/ tilhøyrande vedlegg.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Eventuell klage skal vere skriftleg, og sendast kommunen innan 3 veker etter denne kungjeringa.

I medhald av plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må eventuelle krav om erstatning eller innløysing vere sett fram skriftleg innan 3 – tre – år fra denne kunngjøringa.

Evt. klage eller krav om erstatning/ innløysing skal sendast Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til post@hornindal.kommune.no

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 03.12.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Trond Mehlum
Januarmorgen Hamnen
Trond Mehlum
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering