Eigengodkjend reguleringsplan for Løvland bustadfelt

Løvland bustadfelt - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 12-12  har Hornindal kommunestyre i møte 07.09.2017, KS-054/17 eigengodkjend detaljreguleringsplan for Løvland bustadfelt.

 

Føremålet med planen er å leggje til rette for utbygging av bustader i gangavstand frå skule, barnehage, idrettsanlegg og sentrumsområdet, samt planleggje fortau frå etablert bustadområde i Kyrkjhornsbakkane – nordover mot Hornindal barnehage.

Det er i alt 20 tomter (BFS) for einebustader/ småhus, samt 6 område for konsentrert småhusbusetnad i form av to- og firemannsbustader, og rekkjehus. Til saman opnar dette for utbygging av meir enn 45 bueiningar i det nye bustadfeltet.

Kommunestyret sitt endelege vedtak om eigengodkjenning kan i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, jf. § 1-9 og forvaltingslova kap. VI, påklagast til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Eventuell klage skal vere skriftleg, og sendast kommunen innan 3 veker etter denne kunngjeringa. (Klagefrist: 02.01.2018)

I medhald av plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må eventuelle krav om erstatning eller krav om innløysing vere sett fram skriftleg innan 3 – tre – år frå denne kunngjeringa.

Evt. klage eller krav om erstatning/ innløysing skal sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til post@hornindal.kommune.no 

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 27.11.2017
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
15.12.2005 | Fotograf: Joar Helgheim
Kulturprisen 2005: Hornindal musikkorps
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering