Dette er den nye barnevernssjefen

Aina_Opsvik.jpg - Klikk for stort bilete

Aina Øyehaug Opsvik har takka ja til stillinga som leiar for den interkommunale barnevernstenesta i Volda. 

Sidan noverande barnevernssjef Brynhild Solvang skal gå av med pensjon til nyttår, har Volda kommune vore på jakt etter ny leiar for barnevernstenesta denne hausten. Denne tenesta omfattar kommunane Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta, med Volda som vertskommune.
 
Etter intervjurunde i midten av september, fekk Aina Øyehaug Opsvik tilbod om stillinga. Ho har no også takka ja, med oppstart frå 01.01.2018.
 
Aina er 53 år, utdanna barnevernspedagog med tilleggsutdanning i mellom anna barnevernsleiing, og har lang praksis både som barnevernskurator og leiar i barnevernet.
 
I dag arbeider Aina som fagteamleiar ved det interkommunale barnevernet i Volda. Ho vil vere ein god etterfylgjer for Brynhild, som har gjort ein stor og god jobb med å byggje opp interkommunalt barnevern og fått drifta godt i gang.
 
Vi ynskjer Aina lykke til i ny stilling på nyåret!

 

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 09.10.2017
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
13.02.2006 | Fotograf: Joar Helgheim
Bruatunet på Gausemel
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering