Dagsturhytta på Nakkebruna

Bilde dagsturhytte.jpg - Klikk for stort bilete

Hytta skal ligge like ovanfor Nakkebruna, og får etter kvart ei fin utsikt ned til Grodås og vatnet, og innover dalen. Dei som har tatt turen til Ytrehornsnakken siste veka, har nok sett at tomta til dagsturhytta i Hornindal no er avdekka, og det er klart til å få fundament til hytta.

Dagsturhytta kom til kaia i Stryn på laurdag 8.september. Den består av 8 element. 4 element vart transportert til Holmøyane på måndag, men regnværet gjorde at transporten av dei 4 siste elementa vart utsett.  Årsaka til at hyttene ikkje blir frakta til Ytrehorn, er at modulane er for høge til å få gjennom tunellen.

Fundamenta skal etter planen flygast opp med helikopter på torsdag, 20.september. Då blir fundamenta frakta frå marka på Ytrehorn og opp til Nakkebruna. Etter planen skal arbeidet med montering av grunnfundamenta ta til 2. oktober. Då kjem leverandøren av hyttene med mannskap som skal gjere arbeidet.

Den 10.oktober skal modulane etter planen flygast på plass på Nakkebruna. Då blir hytta, som er delt i 8 modular, frakt med helikopter opp til Nakkebruna.  Før opninga kan finne stad, må uteområdet leggast til rette for besøkande.  

Sidan transporten og flyginga er væravhengig, kan tidsskjemaet  bli endra.

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 22.10.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
24.11.2005 | Fotograf: Joar Helgheim
Honndalsrokken turistsenter, hyttefelt
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering