Barnevernstenesta

Barnevernstenesta

Tlf. 70 05 88 00

Interkommunal barnevernteneste:

Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste. Volda er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta.

Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane.

Tenesta består av om lag 30 fagtilsette samt merkantilt personale. I tillegg er hjelpetiltaka for einslege mindreårige innvandrarar organisert som ein del av barnevernstenesta. 

Målet med denne organiseringa er eit barnevern som skal kunne gje endå betre tenester til born og familiar. Vidare er tidleg innsats eit nasjonalt innsatsområde.

Føremålet med barnevernslova er å sikre at barn og unge ikkje vert utsett for omsorgssvikt eller andre skadelege oppvekstvilkår.

Dersom det er naudsynt med tiltak skal barnevernstenesta så langt det er mogleg avgrense seg til tiltak i heimen. Flytting av barn skal i utgangspunktet vere ei naudløysing.

Dei sentrale oppgåvene til barnevernstenesta er å undersøke barnet sin omsorgsituasjon, sette i verk frivillige hjelpetiltak og om naudsynt fremje forslag om tiltak til fylkesnemnda. Barnevernstenesta skal gjennomføre og følgje opp Fylkesnemnda sine vedtak.

Ved alle tiltak etter barnevernslova skal det leggast vekt på kva som er best for barnet. Personar som til vanleg har teieplikt, har likevel opplysningsplikt overfor barnevernstenesta om det er grunn til å tru at det ligg føre mishandling, alvorleg svikt i omsorg eller alvorlege åtferdsvanskar.

Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for barn.

Det er eit mål å få til barnevernvakt i området, men inntil vidare må politiet kontaktast i akutte situasjonar. 

Tilsette med leiarfunksjon:

Aina Øyehaug Opsvik er barnevernssjef

Mette Kjalnes Sørvik er fagteamleiar for mottak og undersøkingsarbeidet

Torill Osborg Vinjevoll er fagteamleiar for hjelpetiltaksteamet

Anette Hauger er fagteamleiar for hjelpetiltaka retta mot einslege mindreårige flyktningar

Ann Reidun Vik er fagteamleiar for omsorgsteamet

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 29.01.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
07.02.2007 | Fotograf: Joar Helgheim
Vinterføre
Joar Helgheim
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering