Handsaming av byggjesak og utslepp av sanitært avløpsvatn

Om tenesta
Byggjesak omfattar handsaming og oppfølging av byggjesøknader. Kommunen utfører byggjesakshandsaming snarast råd etter at komplett søknad er komen inn. Ein byggjesøknad kan omfatte søknadspliktige tiltak (med ansvarsrett) etter plan- og bygningslova (PBL) § 20-1, og søknadspliktige tiltak (utan ansvarsrett) etter PBL § 20-2. 

Utslepp av sanitært avløpsvann omfattar utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistverksemder og liknande verksemder - med utslepp mindre enn 50 pe. For tiltak som berre omfattar utslepp av gråvatn gjeld andre reglar. Søknad om utslepp av avløpsvatn vert normalt handsama som del av  byggjesaka.

Meir informasjon om dette finn du under Saksgang i kommunen.

Krav til mottaker av tenesta
Byggjesak: Ansvarleg søkjar (PBL § 20-1) eller tiltakshavar (PBL § 20-2) fyller ut komplett søknad og sender denne elektronisk (BYGGSØK) eller i papirformat - til kommunen. Alle elektroniske vedlegg skal vere i pdf- eller dxf-format. Når vedtak er fatta må det betalast byggjesaksgebyr/ evt. gebyr for lokal godkjenning av føretak.

Utslepp av sanitært avløpsvann: Etablering av avløpsanlegg (evt. bygning, renseanlegg m.m.) er søknadspliktig etter PBL § 20-1. I tillegg må det søkjast om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta kap. 12. Nærare informasjon om krav til anlegg, søknad m.m. er å finne under avlop.no

Alt etter kva type tiltak det vert søkt om må det betalast byggjesaksgebyr. For vanleg einebustad er gebyret for 2011 - kr. 5.430. I tillegg kjem evt. gebyr for godkjenning av føretak, dersom desse ikkje har sentral godkjenning. Gebyret for søknadspliktige tiltak utan ansvarsrett (PBL 20-2) er i 2011 - frå kr. 1.550. Byggjegebyret for avløpsanlegg (2011) er  kr. 1.270.

Gebyr for utsleppsløyve varierer - alt etter storleiken på utsleppet. For anlegg inntil 15 PE er gebyret (2011) kr. 1.490.

Alle gebyr blir justert årleg.

Saksgang i kommunen
Tiltak etter PBL §§ 20-1 og 20-2 : Skal avgjerast innan 12 veker etter at komplett søknad er komen inn til kommunen. Sjå PBL § 21-7, og byggjesaksforskrifta (SAK10) § 7-2. Søknad om utsleppsløyve skal avgjerast innan 6 veker frå kommunen mottok fullstendig søknad med vedlegg. Dersom søknaden manglar opplysingar eller dokumentasjon, eller det er søkt om unnatak fra standardkrava i forskrifta, vil saksgangen ta lenger tid. Det same gjeld dersom det har kome inn protestar/ merknader fra berørte partar.

Enkelte tiltak er unnateke søknadsplikta, og i PBL § 20-3 og SAK10 § 4-1 finn du meir om dette. Ver merksam på at sjølv om tiltaket er unnateke søknadsplikt må det vere i samsvar med gjeldande planar for området - og materielle krav i plan- og bygningslova. Med visse unnatak gjeld også krav om avstand til nabogrense, men for å vere sikker på kva for reglar som gjeld bør kommunen kontaktast. Det kan også vere andre spesielle tilhøve som gjer at tiltaket vert søknadspliktig.

Plan og bygningslova
Byggjesaksforskrifta                                                             
Byggjereglar
Forureiningsforskrifta
 

Rettleiing om søknad på tenesta
Kommunen oppmodar om bruk av ByggSØK, men dei som ynskjer å bruke skjema i papirutgåve finn det under Statens bygningstekniske etat (BE). Kart (som grunnlag for situasjonsplan) kan hentast frå kartportalen(Nordfjordkart) på kommunen si heimeside. Dersom det er spørsmål om utfylling av skjema, nabooppgåve m.m.: kontakt Servicekontoret eller byggjesakshandsamar Ståle Hatlelid. Denne delen av tenesta er gratis.

Både tiltakshavar og kommunen kan be om førehandskonferanse. Konferansen blir halden før byggjesøknad vert sendt kommunen, og føremålet er å avklare spesielle utfordringar (evt. dispensasjon eller andre tilhøve som det må takast spesielt omsyn til), ramma for prosjektet, saksgangen m.m. Det vert ikkje kravd eige gebyr for denne tenesta. 

Gravemelding                                                                                                                                                                                                                                                         Ferdig utfylt gravemelding skal sendast til kommunen før det blir sett i gong gravearbeid i eller langs kommunal veg og eigedom, eller i område der det kan vere kommunaltekniske rør og kablar, el.kablar, telefonkablar, nettkablar og liknande.

Kva skal fyllast?

  • Tiltakshavar og utførande sine namn og adresser.
  • Kva type arbeid/ tiltak det skal gravast for
  • Kvar det skal gravast, eller kvar tiltaket skal plasserast. Bruk situasjonskart.
  • Tidspunkt for graving.                                                                        

For å spare gebyr bør tiltakshavar/ utførande innhente opplysingar frå kabeletatar (straum og telefon), samt evt. nettselskap/ kabel-TV m.m. - før skjemaet blir sendt kommunen.  

Byggesakshandsaming
NamnTelefonEpost
Ståle Hatlelid5787 9823stale.hatlelid@hornindal.kommune.no
Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 20.04.2011