Publisert 08.03.2017

Om tenesta
Kommunen har innført fast tomtepris i dei kommunale bustadfelta. Tomteprisen er  kr. 166.500,- i 2019, inkludert kommunale gebyr og meirverdiavgift.

Kommunen har ledige tomter i sentrumsnære Kyrkjhornsbakkane bustadfelt, og Fannemel bustadfelt 3 km frå Grodås sentrum.  Eit nytt fog flott bustadfelt på Løvland er under planlegging like ved Hornindal barnehage og det er no klart for å søkje på tomt her. Tomteprisen på Løvland er ikkje klar enno.

Kontakt Servicekontoret om du vil tinge tomt.  Tlf. 57879800 eller post@hornindal.kommune.no

Harevadet Hyttegrend har ledige hyttetomter i naturskjønne Harevadet like ved Hornindal skisenter- kontakt Inge Olsen for meir info.

Publisert 26.03.2018
Løvland bustadfelt

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ved brev av 14.03.2018 avvist klaga frå hytteeigar på Løvland, og stadfest Hornindal kommunestyre sitt vedtak av 07.09.2017, sak 054/17 - om eigengodkjenning av reguleringsplan for Løvland bustadfelt. Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast. Det betyr at kommunen kan detaljplanleggje kommunal infrastruktur i feltet med grunnlag i vedteken plan, innhente anbod, og starte opparbeidinga så snart dette er praktisk mogeleg.  

Publisert 26.02.2019
Bilde Energiportalen facebook.jpg

Hornindal kommune kan no tilby alle innbyggjarar i Hornindal gratis hjelp til å snakke med ein energirådgjevar, der ein kan få hjelp til å bruke energiportalen eller få objektive råd om eigen bustad, energitiltak og støtteordningar.

Energiportalen gjer bustadeigar i stand til å finne dei rette energitiltaka for eigen bustad og ein lokal leverandør som kan installere. Resultatet blir at bustadeigar sparer energikostnader, og kommunen reduserer energibruk og CO2-utslepp frå bustaden.

Energiportalen til Hornindal

Publisert 08.03.2017
Kyrkjhornsbakkane sett frå Ytrehorn

 

Kommunen har ledige tomter i sentrumsnære Kyrkjhornsbakkane bustadfelt og Fannemel bustadfelt 3 km frå Grodås sentrum.  Eit nytt bustadfelt på Løvland er under planlegging. Tomteprisen for 2018 er kr 161.500,- inkl. kommunale gebyr og meirverdiavgift.

Kontakt Servicekontoret om du vil tinge tomt. 
Tlf. 57879800 eller post@hornindal.kommune.no