Husnummerskilt - utdeling til innbyggarane

Vi har no endeleg kome så langt at vi kan byrje utdeling av husnummerskilt til dei innbyggarane i Hornindal som ikkje tidlegare har hatt husnummer og vegadresse.

Frå TYSDAG 03.12.19 til og med TORSDAG 12.12.19 kan de hente husnummerskilta dykkar på Smia i OPNINGSTIDA kl. 09:00 – 15:00.

Om det er nokon som treng å avtale hentetidspunkt utanom opningstida eller har andre spørsmål, ta kontakt med Anita Brenna Muldsvor på e-post: anita.muldsvor@hornindal.kommune.no eller på tlf.: 57 87 98 26.

Grunnen til at Hornindal kommune har kjøpt inn husnummerskilt til alle innbyggarane, er at Kommunestyret tidlegare har vedteke at ein ynskjer like skilt . Husnummerskilta er tydelege og har refleksbakgrunn slik at dei er enklare å lese, også i mørket. Vi vil etter Matrikkellova krevje ein eigendel for husnummerskilta på kr. 110,-. Faktura vert sendt ut for seg.

Vi minner om at husnummerskiltet skal plasserast godt synleg for vegfarande, helst på venstre side ved port eller inngongsdør i god lesehøgde (1,5 – 1,9 meter). Alternativt kan ein nytte hushjørne, garasjevegg eller liknande.

Det er nokre få vegar der vi ikkje har tildelt adresse endå. Dette vil vi gjere dei næraste dagane, og de vil få tildelingsbrev med dykkar opplysningar om ny vegadresse. (Sjå døme på brev i vedlegg.)

Vi vil også opplyse om at det vil bli sett opp vegnamnskilt så fort værforholda tillet det.

Vedlegg (PDF, 795 kB)

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Sist endra 02.12.2019