Samordna skattekontor frå 01.11.2019

NyeVolda.png - Klikk for stort bilete

Volda og Hornindal skatteoppkrevjarkontor vil bli samordna frå 01.11.2019.

Hensikta med samordninga er å førebu skatteetaten sine datasystem fram til årsskiftet og unngå feil i prosessen ved kommunesamanslåinga.

Samordninga vil ikkje føre til endring for skattytarar og arbeidsgjevarar i dei to kommunane, men enkelte brev og innbetalingskort vil bli utsendt med felles logo av Skatteoppkrevjaren i Volda og Hornindal. 

Med venleg helsing

Brita Sollid
Skatteoppkrevjar Hornindal kommune

Ove Bjerkvik
Skatteoppkrevjar Volda komme

Publisert av Ruth Berstad Lødemel. Sist endra 31.10.2019