Kulturskulepause ved Hornindal skule

Avslutning 2007 - Klikk for stort bilete

Av ulike grunnar har vi bestemt oss for å ta ei kulturskulepause i haust, med unnateke treskjering.

Vi skal saman med kulturskulen i Volda bruke hausten til å planlegge eit godt og spanande kuturskuletilbod frå nyttår. Då tek vi også sikte på å kunne tilby undervisning i nye og fine lokalitetar ved Hornindal skule.

I løpet av hausten vil det kome meir informasjon om dei ulike tilboda vi ynskjer å tilby frå nyttår. Informasjon vil bli delt ut på skulen og vil også bli kunngjort på heimesida og på facebook.

Vi gledar oss til å kunne helse kulturskuleelevane velkomne etter nyttår.

Med helsing
Hornindal kommune

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Sist endra 12.08.2019