Inviterar til kakefest for juniorverdsmeister

Live Sollid.jpg - Klikk for stort bilete

Live Sollid (15) frå Hornindal er dobbelt juniorverdsmeister i motbakkeløp. Hornindal idrettslag og Hornindal kommune ved ordførar Stig Olav Lødemel inviterar til kakefest tysdag 6. august kl. 18 på kommunehuset Smia. Dei oppmodar alle om å møte opp og ta vel i mot den ferske verdsmeisteren. 

Vi håpar mange tek turen til Smia denne kvelden for å ta vel i mot Live Sollid og feire saman med henne, seier ein stolt ordførar. Han har bestilt kake og håpar å sjå mange sambygdingar og andre for feiring. Alle er hjarteleg velkomne.

FOTO: MAGNUS SOLLID

Publisert av Ruth Berstad Lødemel. Sist endra 06.08.2019