Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

val logo - Klikk for stort bilete  Valdagen er mandag 9. september 2019

Gjennomføring av valet 2019 er den første oppgåva som «nye» Volda skal utføre som ny kommune.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 skal skje som om grensendringane allereie har funne stad, og veljarar frå Bjørke, Viddal, Hornindal og Volda skal velje kven som skal sitte i kommunestyret (og andre styre, råd og utval) i neste periode.

Skjæringsdato for manntallet er 30. juni. Det vil seie at der du er busett på denne datoen blir du manntalsført jf. valgloven §2-4 (1)

Tidleg førehandsrøysting er frå 1. juli og ordinær førehandsrøysting innanriks er i perioden 12. august- 6. september 2019.

Førehandsrøysting utanriks er i perioden 1. juli – 30. august 2019. Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet.

Tidlegrøysting: Det er mottak av tidlegrøyster på Volda rådhus og på Smia, Grodås, f.o.m. 1. juli t.o.m. 9. august


Førhandsrøysting på Volda rådhus og på Smia, Grodås: f.o.m. mandag 12. august t.o.m fredag 6. september.

I tillegg er det førehandsrøysting på skular og institusjonar. Dato og tidspunkt for dette vil bli kunngjort seinare.

Publisert av Liv Oddrun Ytreb√ł. Sist endra 18.06.2019