Skog- lyng- og grasbrannfare

Logo brannfare.jpg - Klikk for stort bilete I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbod mot bålbrenning o.a. bruk av åpen eld i skog og mark, men etter nedbør i fleire dagar er det ikkje lenger totalforbod mot å gjere opp eld i område der det absolutt ikkje kan føre til brann. 

Etter at det i ein lenger periode har vore svært tørt - med fare for gras-, lyng- og skogbrann, har nedbør i form av snø og regn siste dagane redusert den generelle brannfaren. Forbodet mot alle former for bruk av open eld, som vart innført i midten av april månad, vert difor oppheva. Har du planar om å gjere opp eld må du likevel hugse på følgjande:

  • Det er forbod mot brenning av avfall (bygningsavfall, landbruksplast o.a. plast, isopor m.m.). Dette skal leverast til godkjent mottak.
  • Skal du brenne større bål - som hogstavfall, reint trevirke eller anna (som ikkje er avfall) skal dette meldast til kommunen - før brenninga tek til (Kommunen melder dette vidare til 110).
  • All bålbrenning skjer på eige ansvar, og må føregå i sikker avstand frå bygningar, vegetasjon m.m.
  • Hald oppsyn med bålet, og sørg for god sløkkjing.
  • Bålplassen er ingen leikeplass for born
  • Eingongsgrill skal berre plasserast på ubrennbart materiale, og sløkkjast godt etter bruk. Godt sløkt og avkjølt eingongsgrill skal leggjast i dertil eigna avfallscontainer eller takast med heim.

God sommar!

 

Brannsjefen

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 26.07.2019