Endring av detaljreguleringsplan for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend - offentleg utlegging

Reguleringsendring Hornindal skisenter m.m. - Klikk for stort bilete Detaljreguleringsplan for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend m.m. vart første gong godkjent i 2007, og sist revidert i 2014. Endringa denne gongen knyter seg først og fremst til ny plass for søppelcontainerane i hyttefeltet, og omregulering av tidlegare renovasjonsområde og parkeringsareal – til tomtegrunn. Avgrensing av planområdet er som i opphavleg plan - med unnatak av nedfartar, samt ei utviding vestover for lokalisering av det nye renovasjonsområdet.

 

Føremålet med planendringa er primært å leggje til rette for betre lokalisering av renovasjonsområdet for hyttefeltet, og såleis få etablert betre logistikk for brukarane, renovatøren og vedlikehald av området, inkl. snøbrøyting. Tidlegare renovasjonsområde og parkeringsplass er føreslått omregulert til 4 nye hyttetomter, samt at tilkomsten til område F4 er lagt om og utbetra. Ut over dette er det gjort mindre endringar, i hovudsak på trafikkareal/ tomteavgrensing. Reguleringsføresegnene er tilpassa nemnde endringar.

 Planen ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 10.05. - 24.06.2019

Evt. merknader til planforslaget skal vere skriftleg, og sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist: 24.06.2019.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 27.05.2019